erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Oppsving for yrkesfag, men...

Nokon klarar ikkje å la vera. Nokon forstår ikkje at det ein uttalar avslører mykje om ein sjølve og at det kan ha ei stor signaleffekt. Det er oppsving i yrkesfaga, men rektor Maia Revdal ved Fosen VGS er bekymra for utviklinga.

Kvifor er Revdal bekymra? I takt med at fleire vel yrkesfag så vel færre studiespesialiserande. Det kan vel ikkje koma som eit sjokk på ein rektor at når ein flyttar folk frå A til B så blir utfallet at det blir færre på A og fleire på B? For at yrkesfag skal auka, må studiespesialiserande gå ned.

Eg blir irritert og forbanna over at Revdal som burde ha jubla over at ein utvikling som velferdssamfunnet har venta på i fleire år endeleg kjem, i staden vel å snakka ned yrkesvala fleire og fleire no tek. Det var nok ikkje meint slik, men å seia «vi må ikke glemme at det også er behov for ungdom som tar universitetsutdanning» er skivebom. Dei siste tjue åra har dette fokuset bidratt til å senka statusen til yrkesfaga og ført til at mange som ikkje bør eller eigentleg vil velja studiespesialiserande retning gjer nettopp det likevel. Når «alle» skal ha bachelor- og mastergrad manglar samfunnet personell til å halda naudsynte funksjonar i gong.

Revdal tenkjer seg ikkje om. I fylgje Utdanningsdirektoratet vel to av tre studiespesialiserande så det er ingen krise for universitetsutdanningar med det første. Utfordringar har det derimot vore i næringar som treng fagarbeideren, mellom anna i helsesektoren. I min bransje er tilgangen på faglært arbeidskraft ein utfordring som har blitt større for kvart år eg har jobba i bransjen. Utviklinga er i ferd med å snu, og når me som treng fagarbeidaren burde jubla får me i staden kaldt vatn i årene.

Eg veit at mange foreldre frarådar sine håpefulle fordi der er hardt arbeid. Fordi du må vaske og stelle eldre. Fordi du må jobba utendørs. Fordi det er «drittjobbar».

Signaleffekten Revdal bidrar til er ikkje bra. Me treng at foreldre heiar på at ungdommen vel yrkesfag. Det skjer ikkje om kvar einaste vidaregåande skule har ein rektor som bekymrar seg for ikkje-eksisterande problem.

Artikkelen, som i utgangspunktet har positivt fokus finn du her: https://www.nrk.no/trondelag/aldri-har-flere-gjort-som-maria-_-na-soker-halvparten-av-ungdommene-yrkesfag-1.14900047