erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Coronafest & Permittering

For to veker sidan handla Coronavirus for meg om å vera flink med handvask, uroa meg over kva det ville bety for internasjonal turisme med hovudsak på Asia, samt om det kunne stoppa Liverpool frå å henta sitt første ligagull på 30 år. Ting endrar seg raskt, men ikkje alle innser alvoret. Ikkje alle har fått god oppdragelse og riktig verdisyn.

Har du nokon gong sett ein katastrofefilm eller postapokalyptisk film? Du veit der dei viser avisutklipp og klipp av nyheitssaker før filmen byrjar og namna på skodespelarane går over skjermen? Det føles ut som at me er der. Ikkje det at eg har panikk og trur at verda går under, men kjensla av å sjå på TV og nettaviser er den same.

Eg skal vera den første til å rekka handa i været og sei at eg følte det var litt hysteri som bredde om seg i slutten av februar. Dei aller fleste tok ikkje inn over seg alvoret som stod på dørstokken til Noreg. Kva tenkjer eg no? For første gong er eg einig med Sylvi Listhaug og Donald Trump: Norge bør, skal og må stenga grensene. Helst i går.

Akkurat dét er som å stikka ein kniv djupt inn i hjarterota på ein mann som held fana høgt for mangfald  og som er i ein bransje totalt avhengig av at folk rører på seg og møtest. I ei midlertidig periode er det dog heilt naudsynt for at samfunnet så raskt som mogleg kan koma tilbake til normalen.

Forbanna. Det er då ei kjensle av å verta steike forbanna eg kjenner på når eg ein i Dagbladet kan lese at ungdom held Coronafest. Kvar er foreldra? Du kan gjerne hevde at ungane dine er myndige og tek eigne valg, men om vala dei tek er feil så er det ditt ansvar å gi beskjed. Noreg , og verda, er avhengige av at alle godtek situasjonen me er inne i og deltek i den dugnaden som krevst for å hindra unødig smitte.

Reiselivsbransjen er hardt ramma av Coronavirus og dei naudsynte første tiltaka Regjeringa har satt inn. Vår bransje blør...

  • Vår bransje blør så lenge viruset får spre seg!
  • Vår bransje blør så lenge frykt for smitte stoppar all reising!
  • Vår bransje kan blø lenger enn naudsynt om det ikkje er nokon vaksne heima som stoppar Coronafestar!

Torsdag og fredag var dei tøffaste dagane i mitt yrkesaktive og vaksne liv . Fredag måtte me permittera nær 80% av alle tilsette og praksiskandidatar gjennom vårt fantastiske prosjekt "Jakten på Hotellgenet". Mange vener og kollegaer har ikkje ein jobb å gå til på måndag. Mennesker som eg møter kvar einaste dag, som eg no ikkje veit når me ser på jobb att.

Familiedrevne bedrifter har måtte stenga heilt ned. Min tidlegare arbeidsgjevar Quality Hotel Sogndal, eigd av den lokale Lindstrøm-familien, har permittert 102 tilsette. Kjeda eigd av Smørås-familien, De Bergenske, har permittert 500 tilsette. Dette er lokale entreprenører som ikkje veit når dei kan opna dørene att. Dei veit ikkje når dei kan gi dei tilsette jobb att, og kven veit kor lenge dei kan halda stengt før konkursen truar? Dette er alvorleg.

Eg og alle andre i reiselivsbransjen vil ha alle tilbake i jobb så snart me kan, men så lenge du eller nokon du kjenner ikkje godtek at me må gjera tiltak kan dette ta lenger tid enn naudsynt. Hugs at du kan bære smitte sjølv om du føler deg heilt frisk. Mi bøn er difor krystallklar:

  • Hold deg heima om du ikkje har naudsynte ærend!
  • Hold deg heima om du har ein jobb som kan utførast frå heimekontor!
  • Hold deg heima frå Coronafestar!
  • Berre hold deg heima så lenge det trengst , så lenge du ikkje må handla deg eit brød!

Samfunnet vil på eit tidspunkt normalisera seg, næringslivet vil skyte fart att og folk vil byrja  å reisa att. Det er tidspunktet for når  normaliseringa skjer som avgjer kor store ringverknader  samfunnet  får. Om du ikkje forstår dette så forstår eg også kvifor dine born og ungdomar er på Coronafest. Då er det dei dårlege verdiane dine som er blitt overført til neste generasjon. Ring son din eller dotter di som bur på hybel eller nyleg har flytt a  for seg sjølv og forsikra deg om at dei forstår alvoret. At dei forstår at ved å godta dugnaden så kan dei redda arbeidsplassar.

Sidan denne bloggen handlar mest om leiarskap så vil eg gjerne også presiser a  noko heilt på tampen. Ja, eg er i Pappapermisjon, men eg nyter ikkje den fantastiske tida. Eg har dei siste to dagane vore til stades på hotellet så mykje som det krevst for å bidra og støtta våre kollegaer som går i permisjon.  Kva slags leiar hadde eg vore om eg hadde vore heima for å nyta pappapermisjonen når så godt som heile staben ikkje har ein jobb å gå til på måndag? 

Eg avsluttar med eit gamalt og passande slagord frå arbeidarrørsla: 

"Gjer din plikt, krev din rett!"