erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Lister og kontroll i kvardagen

Det er flest kvardagar i livet og sjølv om kvardagen er anleis no om dagen så har me nok av tid og ein kan kanskje bruka den til å "rydda opp" litt og skapa seg betre personleg struktur? Det eg skriv om under denne nye kategorien Kvardagsliv skal forhåpentlegvis kunne gi deg som lesar meirverdi, kall det gjerne lifehacks!

Det første eg har lyst til å dela er korleis eg har skapt forbetra struktur privat gjennom å ha lister for det meste. For enkelte virkar det heilt absurd å skulle føra lister over sitt private liv, men for meg er det heilt naturleg for å ha oversikt og kontroll. Denne første artikkelen i Kvardagsliv håpar eg kan gi deg litt inspirasjon til å skapa aukt struktur i din eigen kvardag. 

Påminnelser-appen

Det finnes eit hav av ulike apper som du kan lasta ned og testa, anten du berre skal føre ei to do-liste eller du skal lage handleliste. Eg har sjølv testa fleire ulike, mellom anna Min Familie, Todoist, Wunderlist og Paprika. Eg følte ikkje meg heilt "heima" i nokon av dei. Etter Apple sin siste oppdatering av Påminnelser-appen ser eg heller ikkje behovet for å lasta ned heilt OK gratisversjonar eller betala ein premium-fee når Påminnelser gir meg akkurat det eg treng. 

Du kan laga ulike lister, fargekode, flagga og ikkje minst dela med resten av familien. Hjå oss har me lister for det aller meste og blant dei delte listene har me mellom anna:

  • Handleliste.
  • Need to have slik at me raskt kan føra opp ting me faktisk må ha til hushaldningen. 
  • Liste for kva me treng til Aria
  • Ynskjeliste i tilfelle det er større ting me har behov for eller som me kan ynskje oss til jul.
  • Oversikt over frysevarer.
  • Oversikt over kva som er i lagerboden.

Dette fungerer heilt strålande og under reklamen går eg gjennom nokre av listene.

Handleliste

Eit av ankepunkta mot å nytta seg av Påminnelser-appen er at det finnes spesifikke handleliste-apper som kan vera betre. Det poenget kan eg sjølvsagt ta, men som trufast Apple-brukar ser eg ikkje poenget med å ha ein eigen app for akkurat handleliste når ein enkelt kan bygge opp lister i Påminnelser-appen slik ein sjølv vil:

  • Legg inn påminnelse som hovedkategori slik du sjølv vil ha det med stor tekst, til dømes hygiene og frysevarer.
  • Legg inn fast under-påminnelse på kvar kategori og namngi med til dømes tre punktum. Då vil påminnelsane som nemnt i punktet over fungera som kategoriar så lenge du ikkje markerer dei som fullført. 
  • Lista blir oppdatert live, slik at du kan oppdatere den medan din betre halvdel er på veg til butikken.

Det er ikkje noko verre eller dårlegare å bruke Påminnelser til handleliste enn noko anna. For meg som også brukar Apple Watch så har eg då også handleliste lett tilgjengeleg på armen og treng ikkje ha mobilen framme når eg er på handel.

Dei aller fleste fører nok handlelister uansett, og kanskje er papirformatet det du framleis brukar? Andre brukar aldri handlelister og handlar på instinkt, dette blir fort dyrare enn å faktisk planlegga. Difor er elektronisk handleliste smart, enkelt, strukturert og ikkje minst økonomisk!

 

Fryseliste

Den lista eg sjølv er mest glad i, men som har gitt mest augerulling er utvilsomt lista over varer me har i frysen. Dette var eit av prosjekta eg satte i gong under mine to veker med pappapermisjon i januar. Etter over to månadar fungerer det fortsatt like bra, og gir oss som familie fleire fordeler:

  • Me kastar mindre mat.
  • Me er smartare med middagsplanlegginga.
  • Me veit kva me faktisk har i frysen når me er på butikken.

Dette gjer at ein brukar mindre pengar på mat fordi ein har struktur på nedfrysing og tar det som er i frysen inn som ein del av middagsplanlegginga. Det er også noko ubeskriveleg tilfredsstillande over å ha full oversikt.

Kanskje fryselista ikkje er noko for deg, men har du andre ting du treng meir oversikt over er ei liste i Påminnelser-appen absolutt å anbefala. Som nemnt tidlegare har me også ei liste for kva artiklar me har i vår lagerbod. Full oversikt. Full kontroll. No problem.

Eg håpar min fyrste artikkel om Kvardagsliv har gitt litt inspriasjon og at du er interessert i å fylgja med vidare på mine tips om korleis du kan innføra ulike lifehacks i ditt kvardagsliv.

PS! Om du ikkje har iPhone så kan kanskje Google Huskeliste gjera jobben for deg. Det er den eg brukar på jobb til å halde kontroll på oppgåver og den fungerer truleg også bra til private formål.

God helg og god påske! 🐥