"Eg skal vera ein god og populær leiar" er eit utsagn eg har høyrt fleire gonger i prosessar med å rekruttera nye leiarar. Det er ein heilt vanleg, men feilslått tankegang når spesielt unge leiarar skal ut i sin første leiarjobb.
Det er heilt normalt å tenkja slik, at ein som leiar skal skapa resultat gjennom å vera ein god og populær leiar, men det er ikkje alltid slik at kartet vil stemma med terrenget om ein har dette utgangspunktet. For er det å vera ein god leiar det same som å driva godt leiarskap? Det kjem sjølvsagt an på kven du spør, men det å få merkelappen som ein god leiar er gjenstand for subjektiv tolkning.
Kva er skilnaden?
Ein god leiar er berre ein god leiar så lenge dei tilsette innehar den meninga. Det er fort å mista statusen som god og populær når ein må fatta avgjersler som ikkje står i stil med kva fleirtalet av personalet ynskjer. Det er fort ris til eigi røv når dei tøffe avgjerslene skal takast dersom ein i sitt leiarskap har fokusert på å vera populær og å verta oppfatta som ein god leiar. Kanskje har ein ikkje teke dei naudsynte avgjerslene undervegs i leiarskapet fordi det kunne rokka ved populariteten? Kanskje har ein utsatt ein tøff samtale? Når ein ikkje lenger kan gøyma seg eller utsetja så betyr ikkje den populariteten noko.
Godt leiarskap tyder for meg at ein tek avgjersler når avgjersler skal takast. Eit godt leiarskap handlar om å fatta det ein sjølv meiner er dei riktige avgjerslene til riktig tid. Det kan føra til at nokon vil meina at du er ein dårleg leiar fordi avgjerslene du tek ikkje ga det resultatet dei såg føre seg. Det er ein heilt normal reaksjon, men mi oppfatning er at dersom ein frå starten legg vekk draumen om å vera ein populær leiar så blir dette enklare for deg.
Ingen popularitetskonkurranse
Prosjekt Sandnessjøen var ei spanande og fascinerande tid, og mine opplevingar der oppe i nord fekk meg til å reflektera over det faktum at leiarskap ikkje er ein popularitetskonkurranse. Du har ikkje noko val, som leiar må du tola å vera upopulær. Som leiar må du tola at ikkje alle likar deg og du må tola at ikkje alle meiner du er ein god leiar. Det som er viktig er at du er rettferdig og at du tek avgjersler når avgjersler skal takast. Har du ikke mage til det kan du like godt lata vera å gå inn i leiaryrket.