erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Jaget i kroppen

Det ulmar i magen og under huda er det til tider full krig. Uro og mangel på «ro i røvi» hindrar tilfredsheit. Kroppen er i konstant indre opprør og på jakt etter det neste som skal bli det beste.

Det har roa seg ein del dei siste åra, dette voldsomme jaget i kroppen, men det er utvilsamt framleis tilstades. Det har til tider vore eit problem, men det er stort sett dette jaget som dreg meg framover. Det er denne kjensla av å aldri vera ferdig og aldri vera nøgd som gjer meg og hotell til ein god miks. Eit hotell er ein levande organisme som aldri kjem i mål. Eit hotell startar med blanke ark kvar einaste dag.

Som ekstremt ambisiøs er det ein føresetnad at eg veit at eg aldri er ferdig, at eg aldri kan bli heilt tilfreds med oppnådde resultat. Difor er eg også veldig glad i og meinar at den spontane feiringa «in the moment» er ekstremt viktig. For når champagnerusen har lagt seg og arka er blanke att kjem jaget i kroppen attende.

Jaget kan nok samanliknast med det ungdommen i dag kallar FOMO, redsla for å gå glipp av noko. Jaget kunne difor før bety at eg ikkje orka sitja i ro og heima i helgane, men måtte oppleva noko. I dag handlar jaget meir om kva som blir det neste. Det handlar om kva eg skal gjera når eg når mine noverande mål, og kva ein skal «bli når ein blir vaksen». Ambisjonen er å koma så langt som eg kan med dei evnene eg har og den kunnskapen eg kan tillæra meg. Då må eg vera tilstades der eg er no, men også ha evna til å visualisera og tenka på det eg vil oppnå heilt der framme.

Jaget blir også fóra av usikkerheit. Krigen innvendig blir sterkare når ting ikkje går bra eller når eg ikkje veit om det eg gjer er riktig veg lenger. «Skal eg ikkje få til dette likevel» er tankar som kan snika seg inn og bidra til større uro, større jag. For kva blir det neste for meg som er utan utdanning om eg ikkje får til det eg held på med? Eg er utan sikkerheitsnett og veit at eg må lukkast med det eg held på med, for kva skal eg ellers gjera?

Eg brukar å seia at om ein ikkje likar stress og press så er ikkje hotellbransjen noko for deg. Då meinar eg ikkje usunt stress som ein blir sjuk av, men det «gode stresset». For det er når det stormar litt i magen, at ein sveittar litt og stresset er tilstades at ting skjer. Fulle hotell og store kundar i huset krev leveranse, og då er det godt å kjenna på presset. Då er det godt å ha ein kropp som er i eit konstant jag, ein kropp som ynskjer opp og fram, og som vil levera.

Kva blir då det neste for meg? Kva kan stilna jaget i kroppen? Når eg reiste frå Sogndal var det fordi eg følte eg var «ferdig» og trengte noko nytt for både meg og hotellet. Når eg reiste til Sandnessjøen var jaget der konstant, eg var der kun fordi eg ville noko større og betre. Når eg fekk det neste store så handla jaget om å levera på dei måla eg satte meg. Mange mål er nådd, men jaget er der framleis. Det vil nok også vera der i framtida, uansett om eg er her eller der. Akkurat det er greitt, for den dagen jaget forsvinn vil eg ikkje lenger prestera på det nivået eg krev av meg sjølv.

Det er ikkje farleg å vera usikker. Sjølv dei som framstår som mest sjølvsikre av oss slit med våre eigne former for usikkerheit. Det er heilt greitt at du ikkje klarar å slå deg til ro fordi du vil opp og fram, men finn balansen mellom å prestera der du er og å visualisera kva du vil oppnå.