erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Eit varmare samfunn?

Kan det koma noko positivt ut av denne unntakstilstanden som fylgje av Coronaviruset? Kan det gjera samfunnet vårt varmare og betre? Å påstå at nordmenn er lukkelege og gode på nestekjærleik vil vera å overdriva, men vil bortfallet av klemmar, handtrykk og sosialisering gjera at me treng det meir i ettertida?

Menneske er flokkdyr og me har behov for kontakt og sosialisering med andre i flokken. Samstundes veit me at det i 40% av norske hushaldningar berre bur éin person. Me er eit einsomt folkeslag og sjølv om forskning viser at det er ein nedgang i einsomheit er det ingen tvil om at det er eit folkehelseproblem. Ein kollega eg nyss snakka med kunne fortelja meg om at det no var ekstremt tomt å koma heim til ein tom leilegheit. Coronaviruset og den påfylgjande nedstenginga av Noreg gjer at einsomheit blir meir tydeleg og dei einsame kjenner meir på det.

Eg har lenge hatt ein tanke om å skriva eit innlegg rundt emnet einsomheit, og eg merkar no at den tida me er inne i gir rom for å reflektera. Dei aller fleste av oss kjenner på ein viss einsomheit til tider. For Karoline og meg som bur i Bergen med nesten alt privat nettverk og familie i Sogn, er einsomheit noko som kjem og går. Den kan vera spesielt framtredande i dagane etter me har hatt besøk eller returnert frå besøk i Sogn. Det er alltid ei kollektiv einigheit om at det vart veldig tomt heima. Det er ei merkverdig kjensle å kjenna på einsomheit når ein eigentleg ikkje er einsam. Eg har ei fantastisk Kjering og verdas søtaste dotter,  samt at eg har eit stort nettverk profesjonelt, men av og til saknar ein dei meir «frie» private relasjonane der det ikkje er jobben som er limet.

Det eg tenkjer er at når eg, som er ressurssterk, til tider kan kjenna på einsomheit, så er det ikkje nokon tvil om at dette er eit utbreidd problem. Eg trur at me gjennom eit varmare og meir opent samfunn kan sjå dei einsame tidlegare. Kanskje kan me også redda liv? Kor mange artiklar har me ikkje lest der bodskapen er «ingen visste kor tungt hen hadde det før hen valde å avslutta livet?».  Me veit ikkje kva demonar naboen slit med, men kan me bli betre på å finna det ut?

Coronaviruset gjer folk einsame, men det er også heilt naudsynt for å ta knekken på viruset og stoppa smitten. Korleis blir då samfunnet når me har ein normalisert situasjon att? Vil me bli betre på å syna nestekjærleik, eller vil me som ekte nordmenn halda fram med å lata som at resten av verda ikkje eksisterer? Tenk litt på det: når var sist gong du sa «hei» til ein framand på bussen, eller smilte til nokon du møtte på gåtur? Når var sist gong du spurte ein kollega om korleis hen hadde det og du faktisk brydde deg om svaret?

Eg veit med meg sjølv at eg er alt for lite flink til å vedlikehalda sosiale relasjonar. Det blir ei prioritering å finna tid til å invitera nokon på ein kaffi eller å berre ta ein telefon til ein ven eller bekjent. Mange som eg kan definera som i min venekrets har eg ikkje møtt personleg på nesten eitt år, og kanskje kun hatt dialog med via Snapchat. Det er jo heilt vilt.

Presten som vigde meg og Karoline skreiv fylgjande på facebook førre fredag:

«Gravferder med deltakarbegrensning og sitjeavstand, utan handtrykk og omfavningar. No merkar vi verkeleg kor vi treng kvarandre til vanleg.»

Kjell Olav Nordheim treff spikaren rett på hovudet. I ei tid med isolasjon og karantene kan me ikkje lenger gi kvarandre ein klem i ei gravferd. Det er ganske surrealistisk å tenkja på, men samstundes er heller ikkje me i Noreg dei som strør om oss med klemmar. Stort sett er det vel i gravferder me gjer det? Mange gir knapt nok ein klem i eigen familie sjølv om ein treffest for fyrste gong på lang tid.

Kanskje me i ettertida av Coronaviruset skal endra på dette? Kanskje me skal bli mykje flinkare på å omfamna kvarandre? Kva om me alle, når smittefaren er over, prøver å gi ein klem kvar einaste dag, for å skapa eit varmare samfunn?