erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Me lev i ei gal verd

I 1963 kom den amerikanske krim-komedien "It's a Mad, Mad, Mad, Mad World" på lerretet. "Rat Race" som var inspirert av denne filmen kom ut 38 år seinare og den filmen såg eg og søstera mi, Anita, gong etter gong medan me lo so tårene trilla. I 2020 ler eg ikkje så mykje lenger, men kjensla er at me lev i ei gal, gal, gal, gal verd.

Sidan "Rat Race" fall enormt i smak måtte me jo også sjå originalen frå 1963, utan at den brakte fram dei same lattertårene. Det trur eg kanskje ikkje "Rat Race" ville gjort i dag heller når eg ser at den på IMDB får skarve 6,4 i karakter. Dette er ingen filmblogg, men snarare ein refleksjon på den tida me lev i, den sinnsjukt galne og merkelege tida me lev i. Nyheitene er prega av mange former for galskap, og eg føler for å ta eit litt reflekterande oppgjer med to saker som har prega oss i dag:

Fenomenet The Donald

Kjenslene eg fekk den dagen showmannen og klovnen The Donald vart vald til verdas mektigaste embete i 2016 sit framleis i, og eg antek at du som les min blogg langt på veg er einig i at det var ei varsla katastrofe. Me ser no klare teikn på ein demagog, ein mann som meinar han har "absolute power" og som syner fram propagandamateriale på pressekonferansar. Dette midt under den verste krisa verda har sett sidan andre verdskrig.

Mannen har ikkje feil og det er enkelt å kalla han idiot, men eg trur ikkje han er så dum som alle skal ha det til, og det er det som skremmer meg mest. Eg trur det er bevisst og taktisk, og eg trur dette fordi The Donald & Co veit at det fungerer for hans base. Det fungerer for dei 30% som stemmer på han uansett kva og dei trur på alt han seier uansett kva. Om du har 12,5 minutt til overs anbefalar eg deg å sjå denne filmen frå The Daily Show der Trump-fanatikarar blir intervjua på sokalla Trump-Rally. Dette er den basen The Donald snakkar til, og når han viser ein film om at han er perfekt i si handtering av Coronaviruset så blir det sanninga. Det skremmer meg.

Det skremmer meg òg at det her i Noreg finnes ein gjeng som jublar av alt denne demagogen føretek seg. Eg snakkar sjølvsagt om kommentarfeltets kongar og dronningar. Mang av dei har anonyme profilar og norsk flagg som profilbilde, slik at dei kan visa kor mykje dei elskar landet sitt. Vel, eg er ikkje heilt overbevist, og når du støttar The Donald så kan eg diverre ikkje ha noko med deg å gjera. Om du bur i Noreg og støttar The Donald og hans handlingar så er du i mitt hovud komplett idiot.

Når The Donald i dag trakk USA si støtte til WHO så set han sin eigen person og si eiga skapte sanning over folks helse. For The Donald kan gjerne fleire amerikanarar døy så lenge han ikkje får skulda. For i hans verd er det kun plass til ei sanning, og det er ei sanning der han er oppheva til feilfri guddom. The Donald kan gjerne gi WHO skulda og plassera alt ansvar der, og eg skal vera einig i at WHO skal evaluerast i ettertid, men situasjonen i USA er The Donald sitt eige verk. Kvart femte dødsfall i verda relatert til Coronaviruset skjer no i USA. Det er fascinerande når The Donald har hatt full kontroll heile vegen.... Det riktige er at han har synt fram elendig leiarskap og no har The Donald blod på nevane

Eg lo når Per-Willy og Tybring-Gjedde lanserte The Donald til fredsprisen. Eg ler ikkje i dag, men eg undrar på om dei framleis er like sterke i trua på han som verdas frelsar? 

Har Pilotfrue eller FHI korrekte fakta?

Ingenting overraskar meg lenger, men når Pilotfrue lanserer det eg vil kalla ein konspirasjon om at myndigheitene nyttar barnehageborn som prøvekaniner får eg bakoversveis, og den bakoversveisen er ganske stor sidan eg ikkje har vore til frisøren på snart to månadar. Eg forstår faktisk ikkje tankegangen ho har. Eg kunne forstått det om me levde i eit land der me hadde grunn til å ikkje stola på myndigheitene, men me lev tross alt i Noreg. Ja, sjølvsagt skal me vera kritiske og stilla spørsmål, men på eit eller anna tidspunkt skal landet opna opp att og om helsemyndigheitene meinar det er trygt på måndag så må me stola på det. Me kan ikkje ha det slik at halve landet no skal ta eigne valg fordi dei veit best eller fordi dei har lest noko i eit eller anna kommentarfelt eller på bloggen til Pilotfrue. 

For Pilotfrue er det dog ingen store problem med å halda born heima frå barnehagen sidan ho arbeidar heima og har au pair. Akkurat den luksusen tvilar eg på at hennar lesarar faktisk har, og det vitnar om at ho er ganske langt vekke frå den verklegheita nordmenn flest lev i. Dette er vel òg ein elitistisk kommentar iblanda ein dose snikskryt?

Mi oppmoding til alle med barnehageborn er å ikkje lytta til Pilotfrue eller eigne tankar som eg så fint leste i ein kommentarartikkel på BT i går. Det er forøvrig verdt å peika på at Danmark alt har opna opp att skular, og om me går ein månad tilbake var det mange som skreik og gapa om at Noreg burde gjera som Danmark. Det er ikkje så mange som skrik om dette no, så då må eg spørja om det berre var verdt å følgja Danmark når dei stengte ned, men ikkje når dei opna opp?

Jævla glad

Me lev i ei gal, gal, gal, gal verd. Det vil ta tid før me er tilbake til ein normal kvardag, og ingen veit om me kjem tilbake til den normalen me kjende når nyttårsrakettane vart fyrt opp for 2020. Eg har heller ikkje svaret på dette, men eg det eg veit er at eg ikkje lyttar til personar utan kompetanse som sprer frykt. Eg veit òg at eg er glad for at eg ikkje bur i eit land der ein ikkje kan stola på myndigheitene. Det kan me faktisk i Noreg, og uavhengig av politisk tilknyting er det verdt å gi ros og honnør til korleis Regjeringa har handtert denne situasjonen, og korleis politikarane har lagt vekk partipolitikken og fokusert på å finna løysingar saman.

Når me lev i ei gal, gal, gal, gal verd så er eg jævla glad for at eg lev i Noreg.