erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Hjernestopp?

Det er viktig å ha respekt for andre sine meiningar sjølv om det kan vera veldig vanskeleg til tider. Coronaviruset har fått fram både det beste og verste i folk, og sist ut er reaksjonane på myndigheitene sin nye app Smittestopp. Reaksjonane frå vanlege folk er så krasse at ein kan undra seg på om det er fullstendig hjernestopp?

Før eg vert angripen av personvernaktivistar så vil eg gjerne poengtera at dersom du er og har vore kritisk til å dela og eksponera personvernet ditt over tid så har eg ingen problem med at du tvilar på om du skal lasta ned appen. Då har eg meir problem med, og me skal nok ein gong til kommentarfeltet, desse som på facebook kommenterer at dei nektar å lasta ned appen*. Grunngjevinga "Victor" hadde var at han stolde meir på Mark Zuckerberg enn Erna Solberg. Det må han jo gjerne gjera, men eg for min del stolar meir på Statsministeren i eit land tufta på tillit enn ein kapitalist som har bygd sin milliardformue på nettopp å "eiga" dine personlege opplysningar og aktivitetar på internett.

Krigstid

Datatilsynet har poengtert at Smittestopp-appen ikkje ville fått godkjenning i fredstid, men skriv på sine nettsider at GDPR ikkje er til hinder for å ta i bruk sportingsteknologi for å bekjempa pandemien. Eg veit ikkje heilt om det er eit enormt "newsflash" til deg som nektar å lasta ned appen, men det er på tide og vakna opp og innsjå at dette er ei mørk tid. For å skildra tida me lev i har eg ikkje tenkt å ta dei oppbrukte "i desse corona-tider" eller "me har aldri opplevd liknande", i staden kom eg til å tenkja på eit sitat frå ein av dei siste Harry Potter-filmane:

"These are dark times, there is no denying. Our world has, perhaps, faced no greater threat than it does today."
- Rufus Scrimgeour (Fiktiv karakter frå Harry Potter)

No er nok ikkje Coronaviruset den største trugselen verda har sett, men i mi levetid er det utan tvil dét. I mi levetid har me ikkje sett ein pandemi av dette formatet, som kneblar verdsøkonomien og opnar døra for meir proteksjonisme og mindre samarbeid. Coronaviruset kan skapa uante konsekvensar for den verda me kjenner, og jo lenger viruset får herja jo verre kjem det til å bli.

Tillit

Noreg som samfunn er som nemnt tufta på tillit og me er heilt i tillitstoppen internasjonalt. Det er også kjent at land med høg tillit òg har den høgaste valdeltakinga, med andre ord føler me at demokratiet fungerer. Det er likevel alltid ein gjeng med splintar, eller utskot, som alltid skal gå sin eigen veg og som ikkje stolar på myndigheitene. Det er sjølvsagt fint å vera kritisk og stilla spørsmål til ein slik type app, men det er skilnad på ekspertar på teknologi eller personvern og Ola Nordmann i kommentarfeltet. Mange av dei som ikkje har tillit finn me mellom anna på Resett.no. Eg tok meg ein tur i kommentarfeltet på ein artikkel om ein FrP-politikar som oppmoda folk om å ikkje lasta ned appen, og der finn du eit hav av kommentarar som ikkje er hyggeleg lesing**:



Eg har vald å ikkje anonymisera dei som har kommentert dette. Kvifor skulle eg det? Dei har kommentert med fullt namn på ein offentleg nettstad på ein artikkel om personvern. Dei finnes i Noreg òg altså, desse personane som har tinnfoliehatten tredd gått nedover augene. Korleis er det mogleg å dra parallellar mellom ein Smittestopp-app og at viruset er villa innført til landet for å kunne auka statleg overvaking? Eller indirekte håpa at det går andre personar gale? Har desse personane vakse opp i det same landet som meg? Har dei hatt den same skulegangen? Eller har dei holdt seg innesperra i kjellaren og lest på det mørke nettet sidan dei fekk eit tastatur i nevane første gong? Kven veit, men eg kan ikkje ha respekt for desse meningane.

Last ned appen!

Eg vil ha det vanlege livet attende. Eg vil reisa på konsert, eg vil reisa til England på fotballtur, eg vil handhelsa på nye kjenningar og gi ein klem til vener, familie og kollegaer att. Dersom Smittestopp-appen kan hjelpa oss å finna ein ny normal raskare så er mi klare oppfordring at du lastar ned denne Smittestopp sporenstreks og at du oppmodar alle i din næraste krets om å gjera det same.

Om du ikkje lastar ned appen bør du sletta deg frå Facebook, Snapchat, Instagram og andre sosiale medium, samt sletta appen til Coop, Æ og Trumf. Du bør takka nei til å få spesialtilpassa tilbod frå dei nemnte og alle andre som overvakar og føl med på ditt forbruk. 

Denne hjernestoppen må stoppa. Alt handlar no om Smittestopp. Eg har tidlegare reflektert rundt Coronafest & Permittering, og eg gjentek det eg skreiv den gongen: eg vil ha alle tilsette på hotellet tilbake i full jobb. Om denne appen kan hjelpa oss å koma til ein ny normal så får òg folk jobbane sine tilbake raskare.

Last ned Smittestopp!

 

* Eg har ikkje noko spesialkompetanse på området og reflekterer basert på min sunne fornuft.
** Merk at det på Resett.no òg var kommentarar frå personar som var positive til Smittestopp-appen, men dei var i kraftig undertal.