Det er snart to månadar sidan eg tok valet mitt om å forlata verdas beste hotellkjede, Nordic Choice Hotels, etter elleve år. Eg var veldig sikker på at avgjersla mi var korrekt og at det var dette eg måtte gjera for å gå min eigen veg. Det er difor veldig godt å kjenna på at eg framleis ikkje har angra ein einaste dag.
Misforstå meg rett, eg saknar Nordic Choice Hotels ekstremt mykje og lenge var det heilt utenkeleg for meg å ta dette steget. Eg minnast framleis kor tomt det kjendes når eg var ferdig i Sogndal for fem år sidan. Den gongen, som no, hadde eg teke valet om å forlata hotellkjeda, men eg vart sendt til Sandnessjøen av Tina Olsen før eg rakk å venna meg til tanken om ei framtid utan energi, mot og begeistring. Når eg denne gongen faktisk har tatt steget fullt ut var det ikkje so skremmande likevel, og det tyer på at Petter Stordalen sitt råd om å "quit more often" faktisk har noko for seg.
I tida etter at eg tok valet mitt har det vore veldig stille frå meg og eg har ikkje lagt ut ein einaste artikkel sidan tidleg mai. Det har ikkje handla om skrivesperre, men meir om riktig timing og eit bevisst val om å prioritera denne ekstra fritiden eg no har hatt saman med familie. Det har gitt tid for gode refleksjonar om kva som er viktig i livet, kva eg vil med livet og kva framtida har i vente for meg.
Livets vegkryss
I artikkelen Should you stay or should you go? reflekterer eg over at fem år ofte er eit "breaking point" i ei karriere og at det er rundt den tida dei fleste av oss kjem til eit av livets vegkryss. Det er no fem år sidan eg reiste frå Sogndal og eg merka på kroppen at eg no endå ein gong stod midt i vegkrysset. Valet for meg stod då mellom å klamra meg til direktørstolen til tross for at eg ikkje hadde full motivasjon og dedikasjon, eller å ta steget ut i det ukjende. Eg innsåg raskt at om eg skulle vera sann mot mine eigne krav og lovnadar om å vera ekta og ærleg so måtte eg ta steget ut. På grunn av at eg tok valet når eg gjorde kunne eg ta steget ut og framleis behalda kjærleiken til Nordic Choice Hotels, samstundes som eg dag for dag innser at det er eit liv utanfor hotellkjeda også. Det er ei tid for alt og tida var no heilt riktig for dette valet.
Nye moglegheiter
Det å stå på bar bakke opnar opp heilt nye moglegheiter for meg, mellom anna kan eg no satsa meir seriøst på Foredrag og ikkje minst ta betalt for det. Eg er heilt sikker på at det var fleire som himla med augene og lurte på kva eg trudde eg var når eg lanserte at eg kan bookast til foredrag via mine sosiale media. Eg har likevel valt å prøva for å sjå om eg kan få det til. Kanskje går det skikkeleg dårleg og eg står att utan oppdrag, men eg har i alle fall prøvd. Det er heller ikkje slik at eg skal leva fullt ut av blogg, foredrag og med tida forhåpentlegvis enkelte konsulentoppdrag, men det er éin av mange ting eg ynskjer å fokusera på framover.
Visjonær
Kjeringi vil nok seia at eg er litt for glad i risiko, medan eg truleg vil seia at ho er alt for risikoavers. Det er nok éi av årsakene til at me er ein god match, og det har vore viktig for meg i denne perioden å ha nokon som held litt tilbake når eg i mine kreative augeblikk dreg opp den eine visjonære ideen etter den andre. Dei visjonære tankane vert ikkje knust, men dei blir stilt spørsmål til, moderert og stort sett forbetra. Eg har alltid sett verdien av å tenka stort og visjonært, for sjølv om det aldri blir noko av tanken eller ideen so får du med deg noko på vegen. Dersom eg på eit tidspunkt skal realisera draumen om å driva noko for meg sjølv so må ein sjå det store biletet og tenka dei visjonære tankane. Kanskje skjer det noko visjonært i år, kanskje innan fem år eller kanskje aldri? Eg har lova meg sjølv at eg skal sjekka ut dei ideane og tankane eg får, uansett kor visjonære dei er, slik at eg slepp å sitja om ti år og angra på at eg ikkje tok sjansen.
Kva no, Erlend?
Kva som skjer no og kva eg har planar om å halda på med frå hausten av gler eg meg til å dela når det er på plass og tida er inne. Det eg i alle fall kan seia er at det for ein periode blir ei tid utanfor hotellbransjen. Det er som tittelen seier ei tid for alt.