Ferien skal vera eit avbrekk, eit pust i bakken og ein pause frå normalen. For meg har det alltid vore "plenty" med ein liten tre vekers på sommaren, men i år har ferien til tider verka endelaus. Det er vel og bra med ekstra tid til dei rundt seg, men det er jeggu godt å jobba òg.
Årsaken til min tilsynelatande endelause ferie er at eg gjekk rett frå pappapermisjon til ein periode som på fint vert kalla "mellom jobbar". Etter at eg i prinsippet har gutsa på og gitt alt for dei ulike jobbane eg har hatt i over ti år så vart det plutseleg stille. I starten var det veldig deileg, for denne stillheita har eg faktisk ikkje kjent på før, men den kjem òg med ein pris. Stillheita for meg betyr at eg ikkje lenger er aktuell, at eg ikkje lenger er viktig for nokon eller at folk er avhengige av meg.
Spent
Eg var veldig spent på kva denne perioden ville gjera med meg. Ville eg nyta det so mykje at det å koma tilbake i jobb kom til å verta ein nedtur, eller ville eg verta rastlaus og rådvill? Svaret heller mot det siste, og når eg no har hatt åtte veker fri i etterkant av tretten veker pappapermisjon er eg rimeleg klar til å koma ut att i jobb. Eg har ikkje klart å nyta ferien like mykje som eg burde fordi eg rett og slett har hatt for mykje fri. Når eg har hatt ferie tidlegare har eg alltid jobba litt innimellom. Det har alltid vore ein rekneskapsavslutning eller så har eg sjekka litt tal undervegs fordi eg rett og slett er interessert i jobben min. Det har ikkje gått utover ferietida, men heller gitt meg ei kjensle av ro. Denne ferien er heilt anleis.
Feriekjensla
No høyrest det kanskje ut som at eg ikkje har kost meg og brukt tida godt med familien, for det har eg, men det handlar meir om at feriekjensla ikkje har vore til stade. Det er noko i det at om ein har fri heile tida så er ikkje ferien fri på same måte lenger. Det er ikkje noko avbrekk, det er ingen pause og heller inga pust i bakken. På lang sikt trur eg at denne ferietida likevel gjer meg godt fordi eg har fått kjenna på det å ikkje ha behov for å setja på vekkarklokka over ein lenger periode og at eg faktisk saknar det. No skal det seiast at Aria fungerer som ei vekkarklokke, men likevel...
Eg er utruleg glad for at eg har fått stadfesta at arbeidsmoralen min er høg og at eg elskar å jobba. Eg gler meg til å koma tilbake i jobb, og eg kjenner meg veldig roleg med det faktum at eg no veit at eg har ein jobb å gå til frå 1. september. Energien er på topp og eg ser fram til å vera viktig att, til å få telefonar, til å ha mange mailar og til å ha noko å bruka hovudet mitt på. Refleksjonen er at eg ikkje er skapt for å halda meg i ro, eg er skapt for å skapa og utvikla ting, arbeidsplassen og personar.
Eg gler meg til 1. september og kanskje får eg større ro i dei to siste vekene heile familien har ferie saman?