Leiarskap er eit breidt og interessant fagfelt, og som eg har skrive om før handlar leiarkskap om at du skal verta leiar fordi du bryr deg om menneske, ikkje fordi du vil vera sjef. Verdas mektigaste mann har dei siste fire åra vore ein elendig leiar og har brukt embetet til å spreia hat, sinne og mobbing, knebla media og gjera rasisme og nazisme stovereint. No er me endeleg kvitt han, eller er me det?
Frå respekt til mørke
Eg hugsar at eg under Presidentvalet i 2004 vart sitjande å sjå eit utdrag frå debatten mellom President George W Bush og Demokratane sin motkandidat John Kerry. Ein av dei norske kommentatorane sa etter debatten at dette var stor idrett og at det ville vore svært få norske politkarar som hadde hatt stamina, kvalitet og kunnskap til å gjennomføra ein debatt på det nivået. Om det var eksakt slik det var formidla er ikkje sikkert, men det er i alle fall slik eg hugsar det. Debatten var ikkje minst prega av truverde og respekt, noko me såg mindre av tolv år fram i tid: enter The Donald!
8. november 2016 vil for alltid verta hugsa som ein mørk dag for demokratiet. Ein mørk dag for sanning. Ein mørk dag for likeverd. Ein mørk dag for heile verda. Svindlaren, konkursryttaren og realitykjendisen Donald Trump lurte 46 % av dei som stemte til å tru at han var mannen til å "make America great again". Nær 63 millionar amerikanarar lot seg lura og på grunn av valmannskollegiet i USA vart The Donald verdas mektigaste mann. Ein håpa at presidenten Donald vart betre enn kandidaten Donald, men fakta er at han berre vart verre for kvar dag som gjekk.
Magesår og tårer
For meg personleg spelar det nok liten rolle kven som er President i USA, men det er viktig for meg at me har veridgheit i politikken og at personar med makt forvaltar den med likeverd som ein av sine viktigaste verdiar. Verdas mektigaste mann skal vera eit forbilete og fremma godt leiarskap og bry seg om menneske og planeten. The Donald har aldri brydd seg om andre enn seg sjølv og grøne dollarsedlar. Difor har desse 1465 dagane frå The Donald vart vald til Joe Biden vart erklært som vinnar av CNN i går kveld vore fylt med meir uro, irritasjon og apati enn kva som er naudsynt. For ein mann som er i risikogruppa for magesår er det smått utruleg at The Donald ikkje har påført meg eit slikt. Sidan tysdag kveld har eg hatt CNN på øyra, telefon eller fjernsynet nær kvar einaste vakne time. Då sigeren var eit faktum i går kjende eg på ein utruleg sterk lykkekjensle og eg fekk ei tåra i augekroken, denne tåra pressa seg greit ut då Van Jones symboliserte kor betydningsfullt dette valet faktisk er.
Noko som nesten ikkje har fått merksemd før det siste døgnet er at USA har valt sin første kvinnelge visepresident! Kamala Harris har knust glastaket som Hillary Clinton ikkje knuste i 2016, og sjølv om me må venta på den første kvinnelege presidenten i USA så er dette eit prov om at Harris absolutt kan koma dit i 2024 eller 2028. Dette er ein stor siger for likestilling og likeverd!
CAPS LOCK
Med CAPS LOCK, sinte talar og absurde påstandar om juks hevdar The Donald at han har vunne valet. Stemmer som er opptalt etter valnatta er ikkje gyldige, seier han. Det bør ikkje overraska nokon at The Donald, som har omtalt poststemmer som juks i heile valkampen og anbefalt republikanarar om å stemma på valdagen, no kan betvila resultatet. Dette fordi postestemmene som ofte er 80/20 til Biden blir talt opp til slutt i viktige vippestatar. Det har sjølvsagt vore planen til The Donald heile vegen.
Det viktige spørsmålet er kor lenge Mitch McConnell skal vera tyst om saken. Når tek han turen til White House for å informera The Donald om at nok er nok? Når vel Mike Pence å opna kjeften? Det skjer truleg ikkje før nokre dagar ut i neste veke når domstolane har avvist alle søksmål. Det er òg spanande å sjå om SCOTUS vel å føreta seg noko. Har "law & order"-presidenten The Donald klart å plassera dommarar i høgsterett som set lovverk til side og handlar ut frå ideologi? Eg trur ikkje det, men i USA veit ein aldri.
Til slutt må nok The Donald akseptera nederlaget og kanskje går han av og set inn Mike Pence som President dei siste dagane for å unngå audmjuking ved å overlata embetet til Biden? Kven veit korleis han vil handtera dette, men det me kan vera sikre på er at han ikkje vil slutta å vera i rampelyset. The Donald vil framleis twitra, han vil framleis forsøka å halda det republikanske partiet som gissel og han kan koma til å stilla til val att i 2024. For McConnell og alle med Presidentambisjonar i dét partiet vil det vera eit mareritt om The Donald skal driva valkamp att frå 2022. På den måten kan han vera ein "skyggepresident" for Joe Biden med Twitter og kanskje ein eigen TV-kanal som ropert til sin trufaste tilhengjarskare. Difor set eg eit lite "eller" bak frasen "Bye, Bye Donald!"
Eit splitta land
Heile verda jublar, kanskje med unntak av Russland, Polen og kommentarfeltets kongar og dronningar her heima. Som hobbyinvestor på Børsen er eg med i fleire aksjegrupper på facebook og det er skremmande kor mange der som håpa at The Donald skulle vinna slik at dei kunne tena nokre tusenlappar eller millionar ekstra. Eg kjenner eg blir litt kvalm av den haldninga. Dei jublar naturleg nok heller ikkje dei prognostiserte 75 millionar amerikanarane som har stemt på The Donald. At han får så mange stemmer er sjølvsagt samansett. Ein del er trufaste Trumpists, mange er republikanarar som stemmer på partiet uansett eller kristne som kun bryr seg om abort, men dei fleste er fortvila menneske som som treng å bli sett. Joe Biden si viktigaste oppgåva er å sjå dei og samla så mange som mogleg av dei under sin paraply slik at landet kan bevega seg framover.
20. januar 2021 blir Joe Biden formelt President i USA og med dét verdas mektigaste mann. Det vil vera urettferdig å tru at Biden skal klara å snu alt med ein gong, me veit alle at ting tek tid og at det krev tverrpolitisk arbeid. I Kongressen har tverrpolitisk arbeid vore nær ikkje-eksisterande dei siste fire åra, men som Biden sa i sin tale i natt så er dette eit val ein har teke og når han har valt å ikkje samarbeida kan ein òg velja å samarbeida. Biden er kjent for å vera ein politikar som får til avtalar tverrpolitisk og som har god relasjon til fleire i det republikanske partiet, der i blant Mitch McConnell. For at USA skal koma seg vidare dei neste fire åra er det heilt avgjerande at Demokratar og Republikanarar kan samarbeida om lovforslag og politikk. Det er heilt avgjerande med samarbeid for at USA igjen kan ta rolla som verdas einaste supermakt alvorleg. Heile verda har ledd av The Donald, men me har òg vore redde sidan USA er viktig for Europa, viktig for å setja klima på agenden og viktig for å sikra internasjonalt samarbeid. Joe Biden er kanskje kjedeleg og tradisjonell, men han er normal og vil ta President-embetet på alvor.
Politikk blir ikkje skapt på ytterkantane, det blir som regelt skapt ved gode kompromiss i sentrum, og det er den vegen USA må gå dei neste fire åra.
Lukke til, Joe Biden!