Ei overskrift skal helst vera fengjande og skildra innhaldet på ein god og presis måte. Året 2020 skildrast nok aller enklast med den enkle overskrifta 2020. For alle vart dette eit spesielt år, og for meg vart det året med enorme endringar der nesten ingenting var i tråd med "planen" eg la 31.12.2019.
2020 vart året der:
- nesten alle mine ambisjonar og "hemmelege mål" måtte endrast
- eg saman med mine kollegaer måtte permittera nesten heile staben.
- eg takka for meg i hotellbransjen etter 11 år.
- eg tok med meg familien og flytta heim til Sogndal etter 5,5 år i Bergen.
- Aria starta (og slutta) i barnehagen.
- eg lærde enormt mykje om meg sjølv som leiar og person gjennom Corona-krise, pappapermisjon og bransjeskifte
- eg tok ein ny jobb på eit kompetanseområde eg aldri trudde eg skulle jobba med.
- me flytta inn i leigd hus på Loftesnes (utsikt = wow) og kjøpte tomt i Dalavegen.
Året 2020 kunne vore oppsummert i ei bok for dei aller fleste menneske. Eg nøyer meg med dei korte bullet pointsa over og listar under nokre avsnitt med årets beste/verste og nokre enkle mål for 2021.
Årets beste/største
Beste bok: To Kill The President (Sam Bourne)
Kanskje ei av dei beste bøkene eg nokon gong har lest. Det er eit kvalitetsteikn at ein thriller/spaningsroman på engelsk vert ein bladvendar etter midnatt utan at Google Translate er involvert. Eg anbefalar denne på det sterkaste, og med bakgrunn i det som har skjedd i og rundt USA den siste tida er boka høgaktuell. Ikkje overraskande leikar boka med kor gale det kan gå etter at USA har gjort det utenkjelege; å velja ein realitykjendis og narsissist til President. Sound familiar?
Beste nyoppdaga podkast - Friminutt og Aksjesladder
Eg er ein ivrig podkast-lyttar som alltid er på jakt etter det neste og det beste. Etter sumaren starta eg å lytta til Friminutt med Herman Flesvig og Mikkel Niva, noko meir tanketomt og lett humoristisk skal ein leita lenge etter. For meg er det til god hjelp når ein skal tømma hovudet i hektiske periodar.
På den faglege arena er Aksjesladder ein ny favoritt. Perfekt for dei som er litt hobbyspekulant og som likar å auka kunnskap og kompetanse om finansmarknaden. Panelet i podkasten har både humor og fagleg tyngde, noko som gir ei herlig og "down to earth"-ramme for tematikk som fort kan bli litt "tung".
Beste app - Bring! Handleliste
Eg trur at Kjeringi ropar halleluja saman med meg på akkurat denne. Enkel, tydeleg og rask app for handleliste; kan livet bli betre?
Bring! gjer livet enklare for familiar som har ein hektisk kvardag.
Største augeblikk - Ligagull til Liverpool
Det burde vel kanskje stått "Aria sine første steg" eller andre fantastiske opplevingar som føl med det å vera Pappa, men for meg var ligagullet til Liverpool det absolutt største. Det var etterlengta, spesielt på mange måtar og utruleg fortent. Ein av mine største draumar, ein draum eg ikkje kunne påverka og kontrollera, kunne endeleg sjekkast av på lista.
Største sakn - sosial kontakt
Denne seier seg sjølv. I min kvardag har handtrykk og omfavningar vore ein del av normen. I hotellbransjen er det knapt ein dag utan at det vert gitt ein god klem. Det er difor relativt absurd å tenkja på at den siste klemmen eg ga til nokon som ikkje er Kjeringi eller Aria var for 296 dagar sidan på eit frukostmøte i regi av Comfort Hotel Bergen Airport, 10. mars 2020. Eller, svigermor har faktisk sneke til seg ein klem, eg veit ikkje om det er fordi ho har gløymt seg eller fordi eg er svigermors draum. Det får vera opp til andre å avgjera.
Største lette - Bye, Bye Donald!
Alt du treng vita om det reflekterte eg over i november: Bye, Bye Donald - eller?
Enkle mål for 2021
- Lesa fleire bøker. Eg hadde i 2020 eit mål om minimum ei bok i månaden og helst ei kvar andre veke, men det enda på fattige fire - 4 - bøker. Det har eg veldig lyst til å gjera noko med så eg held fram med målet frå 2020. Eg nyttar appen Goodreads til å halda oversikt.
- Vera meir tilstades i kvardagen og leggja vekk mobilen til fordel for kvalitetstid med familie.
- Opna eit vitensenter i ypperste klasse
- Reflektera meir på erlendflunde.no og kanskje koma eit steg vidare med planane om ei leiarskapsbok.
- Sjå fleire fotballkampar (Sorry, Kjeringi, men eg ser faktisk ikkje så mykje utover Liverpool sine kampar...)
- Pleia meir sosial kontakt privat og familiært når Corona-restriksjonane roar seg ned.
- Halda fram med å skapa eit stort og godt nettverk - ein framand er ein ven eg ikkje har møtt!
Som dei fleste no kanskje veit har eg òg mine eigne hemmelege mål, men dei er berre for meg sjølv og min indre motivasjon.
Eg ynskjer alle, eit litt forseinka, Godt Nytt År og lukke til i 2021!