erlendflunde.no

erlendflunde.no

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"

Slider

10 år i hotellbransjen - kan eg bidra med noko?

Onsdag 1. mai var det ti - 10 - år sidan eg kledde på meg dress, lyseblå skjorte og oransje slips for første gong - eg skulle på opplæring som resepsjonist på Quality Hotel Sogndal. Det skulle berre vera ein midlertidig stoppestad, eit ekstra friår frå studie, men det vart så mykje meir. Ti år seinare er hotell vorte ein stor del av livet mitt. Eg har reflektert veldig mykje over desse ti åra, og eg har kome til den konklusjonen at eg gjennom min historie og mine erfaringar har ein del å bidra med. Det er bakgrunnen for at eg har vald å starta opp erlendflunde.no.

"Skal du starte blogg?" var reaksjonen frå ein god kollega i verdas beste hotellkjede Nordic Choice Hotels.

Nei, dette er ingen blogg. Dette er ingen stad der eg skal leggje ut om min innerste kjensler og kva eg har ete til middag i dag. Prosjektet erlendflunde.no er eit profesjonelt talerøyr der eg får tilfredsstilt min trang til å meina ting og skriva om det. Eg har mange tankar og idear om mellom anna hotell og leiarskap som eg håpar vil gi deg som lesar verdi. Gjennom dette ynskjer eg bidra til refleksjon for alle, men aller mest for unge og framdstormande i eigen og andre bransjar.

Kanskje burde ein latt vera å stikka fram nasen på denne måten, men eg har utvikla ein liten "gi f"-haldning til kva andre måtte meina. Eg er stolt over det eg har oppnådd gjennom desse ti åra, og eg er ferdig med tida der ein let vera å seia noko fordi ein undrar på om det vil vera "dumt sagt". I ein for stor del av min ungdom bekymra eg meg for kva folk meina, samt at det eksisterte mange som aldri hadde tru på meg og den vegen eg valde å gå. Det eg har oppnådd er ein peikefinger den vegen, og ikkje minst til vedkomande som ein gong sa: "om eg ser deg i kassen på KIWI om ti år så skal eg le av deg."

Denne månaden vart eg bedt om å gi tre tips til dei i Nordic Choice Hotels som vil bli leiar. Frå toppen av hovudet valde eg ut dei tre du ser under, og eg føler at dei står seg ganske bra:

  • Ver nyfiken og vis engasjement!
    Som ung meinar eg det er viktig at du uansett stilling i ei bedrift stiller spørsmål og syner med heile deg at du likar jobben du har. Du kjem ikkje til topps med ein gong, men gjennom å vera nyfiken og engasjert syner du deg fram som ein aktuell kandidat når bedrifta skal rekruttera sin neste leiar i din eller andre avdelingar.

  • Bry deg om mennesker!
    Du skal ikkje verta leiar fordi du vil vera sjefen. Du skal verta leiar fordi du oppriktig bryr deg om mennesker og at du gjennom rolla som leiar kan utvikla folk til å nå sitt potensiale. Dette er viktig fordi ein tittel gjer ingen leiar, det gjer derimot handlingane dine.

  • Du blir aldri ferdig! 
    Leiarrolla er krevande og den fører med seg utfordringar som er tunge. Det er viktig å nyta augeblikka og sigrane du får på vegen direkte, for i morgon kjem ein ny, kanskje vanskeleg, utfordring. Då er det veldig godt å vita at ein gleda seg på reisa dagen før. Du kjem aldri i mål og må verkeleg stå inne for mantraet om at du skal vera betre i dag enn i går, men ikkje så bra som i morgon!

Eg håpar at dei tre tipsa og dette prosjektet fell i smak og at du vel å fylgje meg framover.
Eg avsluttar med mitt absolutte favorittsitat:

"Hard work beats talent when talent doesn't work hard."
- Tim Notke

 

  • Artikkelvarsling

    Ynskjer du å motta varsling kvar gong det kjem ein ny artikkel på erlendflunde.no? Meld deg på her!
    Les meir