erlendflunde.no

erlendflunde.no

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"

Slider

Feil person på feil plass

Eit arbeidsforhold er som eit ekteskap, det skal vera riktig og fungera for begge partar. Eit ekteskap krev innsats og jobb frå begge partar for å lukkast, slik er det også med eit arbeidsforhold. Det vil ikkje overraska nokon at eg etter å ha tilsett eit tresifra tal personar har gjort feil - og det ikkje berre éin gong. Feil person på feil plass er ikkje bra for bedrifta eller for den tilsette. Det kan også bli dyrt, veldig dyrt. 

Eg er så heldig at eg får vera med på å tilsetta folk og halda foredrag til mellom anna jobbsøkjarar. Der plar eg alltid trekke fram at det er minst like viktig at du som kandidat til ein jobb stiller spørsmål til arbeidsgjevaren du har søkt hjå. Eit ekteskap går begge vegar og både arbeidstakar og arbeidsgjevar må vera samde om at det er dette ein vil: gå inn i eit forhold saman!

Stort sett har eg vore med på gode rekrutteringar, ikkje minst med leiargruppa som eg jobbar med på Comfort Hotel Bergen Airport i dag. Det er ein fantastisk gjeng som gjer at min kvardag som øvste leiar er givande, kjekk og morosam! Me brukar alle ein god del av livet vårt på jobb og trivsel er difor ekstremt viktig, eller som ein av dei tilsette på hotellet seier: "jobben er vårt home away from home!". I din andre heim så må det difor fungere for at du skal trivast, men kva då når det ikkje fungerer? 

Når eg tenkjer på feil i rekrutteringsprosessar så dukkar det opp nokre døme som framleis plagar meg. Dei plagar meg fordi eg i ettertid ser at eg burde handla anleis, men at eg på grunn av dårleg forarbeid, dårlege vurderingar eller til tider tidspress har handla feil. Nokre av desse plagsomme døma skal eg dela her, samt forklara litt av kva negativt resultat det gav. Av naturlege årsakar går eg ikkje inn på kjønn, årstal, type avdeling eller kva hotell det stammar frå.

Tre rekrutteringar eg aldri burde gjort:

  • Gjennom eit rekrutteringsbyrå vart eg presentert for ein kandidat med strålande papir og referansar. Eg rekrutterte vedkomande utelukkande over telefon, og til tross for at eg følte at noko var litt "off" så valde eg å gå vidare fordi eg ikkje hadde tid til å venta. Det synte seg at vedkomande var noko heilt anna enn det ein ga seg ut for å vera og bidrog til å senka samarbeidsnivå og tilfredse i avdelinga. Forarbeidet mitt var svakt og tilsetjinga burde aldri vorte gjennomført.

  • På eit tidspunkt gjorde eg ei intern rekruttering som vart gjennomført på det grunnlag at eg trudde me ikkje hadde noko alternativ. Med andre ord ei rekruttering utan å sjekka ut andre kandidatar. Intern rekruttering er bra og eg likar veldig godt å plukka frå eigne rekker fordi det syner at ein som tilsett har moglegheit for vidareutvikling i bedrifta. Denne gongen vart det likevel heilt feil då vedkomande var meir oppteken av å hevde seg sjølv enn å utvikla sine tilsette. Slike ting er det ikkje alltid ein ser med ein gong, og dette fekk halda på ei stund.

  • Ein gong var eg ekstremt usikker på om dette var personen som skulle få stillinga, men der eg på grunn av manglande alternativ valde å ta sjansen fordi eg håpa på at det var eit potensiale der. Gjennom heile arbeidsforholdet kjende eg at kjemien aldri var der den måtte vera. Det gjekk som det måtte gå, men det gjekk diverre for lang tid før ekteskapet fekk sitt endelege skille. I dette konkrete tilfellet viser det seg at det aktuelle hotellet kunne levert minst 10% betre på dei økonomiske måla det året om eg hadde tatt meg betre tid og lyst ut stillinga på nytt.

Dei tre døma over førte til at tre menneske vart feil person på feil plass. Som ansvarleg for rekrutteringa kunne eg spart bedrifta for tid og kostnader, men eg kunne også spart personar frå å få feil jobb. Sjølv om det ikkje fungerte i stillingane eg tilsette dei i så treng ikkje det bety at neste jobb på deira liste også hadde vore feil. At dei hadde vore rett person på rett plass i ei anna bedrift er ikkje usannsynleg.

Mine tips til rekruttering uavhengig av stillingsnivå:

  • Du bør gjennomføra meir enn éin intervjurunde. Det tek tid å verta kjent med ein ny person og ein treng ikkje alltid gå til sengs på første date.
  • Det er ein fordel om du førebur eit case som ligg tett på den stillinga du rekrutterer til. Dette caset er då naturleg å introdusera i forkant av andre intervjurunde og kan vera like verdifullt på ei generell stilling som ei leiarstilling.
  • Ha klar spørsmåla dine på førehand og still dei same spørsmåla til alle kandidatane. Ta gjerne også med spørsmål som ikkje er jobbrelatert for å læra meir om kandidaten som person.
  • Møt alltid kandidatane personleg! Dette fordi eg meiner at du ikkje får eit like bra vurderingsgrunnlag over Skype eller telefon som du får ved å møta nokon "face to face".
  • Sjølv om ein ikkje skal stola for mykje på magekjensla er det etter mitt syn veldig viktig at kjemien er på plass. Har du fulgt tipset i punkt 1 så vil du på andre intervju få avklart om du berre var betatt av kandidaten eller om dette kan verta eit langvarig ekteskap.
  • Stol aldri blindt på at du har den kompetansen du treng internt. Det kan godt vera at du har det, men du har ingenting å samanlikna med om du ikkje sjekkar på andre sida av gjerdet.
  • Dårlig tid eksisterer ikkje! Dersom du ikkje finn riktig kandidat så er det ingen skam å snu: lys ut stillinga på nytt. Ja, eg veit at ein av og til har tidspress, men det er betre å vente ein månad eller to ekstra på riktig kandidat enn å få ekstra utfordringar i månadsvis eller årevis med feil kandidat.

Rekruttering er aldri enkelt og det er aldri nokon garanti for at det fungerer slik som du ynskjer. Det skadar difor heller ikkje å engasjera eit rekrutteringsbyrå i dei tilfella der du føler at du ikkje har den kompetansen som skal til for å få rett person på rett plass. Ekteskap medfører alltid ein viss risiko, men med godt forarbeid og god tid eliminerer du ein stor del av risikoen for fiasko og ein opprivande skilsmisse. 

 

  • Artikkelvarsling

    Ynskjer du å motta varsling kvar gong det kjem ein ny artikkel på erlendflunde.no? Meld deg på her!
    Les meir