erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Relasjonell eksistensiell situasjon

Lyden av skohælar som klakkar får det til å gå kaldt nedover ryggen, alle dei vonde minna kjem tilbake, negativ assosiasjon dukkar opp. Ein relasjon er øydelagt og alt som er att av den er lyden av klikk-klakk, klikk-klakk.

Dette kunne vore utfallet av ein relasjonell eksistensiell situasjon, ein situasjon der eit menneske i eit avgjerande øyeblikk får knust ein relasjon til ein person fordi ein ikkje har blitt behandla bra. Alt som då er igjen er dette negative, og dette negative kan festa seg til konkrete trekk ved den personen. Som til dømes at vedkomande hadde høge hælar som klakka, og kvar gong du høyrer den lyden går det kaldt nedover ryggen din.

Jan Spurkeland skriv om relasjonelle eksistensielle situasjonar (RES) i boka si "Relasjonsledelse". Der skildrar Spurkeland RES som ein livsviktig og avgjerande situasjon i forholdet mellom to personar. Det er ikkje alltid så enkelt å hugsa på at det svaret du eventuelt gir i affekt eller under tidspress kan øydeleggja ein heil relasjon. Det er dei negative relasjonelle opplevingane ein hugsar best, og det negative kan då viska ut årevis av positivitet og gode minne.

Som leiar må ein handtera fleire RES i løpet av ein karriere, men uansett kor dyktig, empatisk og emosjonelt intelligent ein er vil eg påstå at dei fleste har gått ut av ein situasjon med ein knust relasjon. Som regel handlar ikkje dette om dårleg handtering, men fordi ein må ta avgjersler som vil øydelegga ein relasjon. Då tenkjer eg på situasjonar der ein som leiar må ta vanskelege val å avslutta eit arbeidsforhold. Det er eit avgjerande og livsviktig augneblink for arbeidstakaren og vil som oftast føra til at det for hen sitt vedkomande er du som øydelegg relasjonen. Når det har kome så langt vil som oftast relasjonen vera knust frå deg som leiar sitt standpunkt uansett.

RES som Spurkeland skildrar har dog ingenting med at du som leiar må ta vanskelege val, men livsviktige og avgjerande forhold du blir presentert for. Til dømes om du skulle få ein telefon frå ein arbeidstakar som må fylgja sonen sin til sjukehuset midt i arbeidstida og du svarar "kan du fikse vikar?". Dette er teikn på særs låg emosjonell intelligens og vil garantert føra til at relasjonen nemnde arbeidstakar har til deg er knust. Kanskje har du som leiar alltid på deg høge hælar som klakkar mykje også?

Skohælane som klakkar blir då symbolet på relasjonen som brast, dei blir det einaste som står att etter ein årelang relasjon. Dei klakkande hælane er også kun eit konstruert døme, for å ta Spurkeland si skildring av RES eit steg vidare. Til kva som er att etter at relasjonen er brutt, nemleg hælane som klakkar. For når relasjonen er brutt er det ingen veg attende, og som Spurkeland skildra det til meg i ei forelesing for fleire år siden: du kan samanlikna det med ein knust vase, den er framleis knust sjølv om du limer den saman att.