erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Digitale avbrot

Kvardagen som leiar er i stadig endring. Ein av dei største endringane me har sett det siste tiåret er tilgangen på informasjon. Aldri før har ein kunne vera så tilgjengeleg, men også få så mykje informasjon om kva som rører seg i eigen organisasjon og i resten av verda. Det har i meg bygd seg opp ein varsel-slitasje som gjorde at eg måtte ta nokre grep.

Tenk på kor mange ulike varsel du får på din mobil i løpet av ein dag. Er dette noko som gir deg påfyll og energi eller er det kun til irritasjon? Eg har ekstremt mange apper for å holda meg orientert om kva som skjer og eg har alltid tenkt at det har vore ein bra ting. Nokon varsel opnar eg aldri og då eg fann ut at Aftonbladet er inne på «topp tre»-lista over apper eg får flest varsel frå forstod eg at det var greit å ta nokre grep. Det er særs sjeldan at varsel og informasjon frå Sverige har gitt meg noko nyttig, utan at det har noko med min svenske svigerfar å gjera...

Forskning syner at gjentekne avbrot påverkar vår konsentrasjonsevne. Likevel held dei fleste av oss fram med å få hundrevis av varsel om dagen. Eit fåtal av desse varsla vert opna og i enno mindre grad lest, i alle fall er det slik for meg. Me avbryt møter for å sjekka kvifor mobilen dirrar og syner med det våre kollegaer den lågaste form for respekt. Me er alltid på og me sjekkar mobilen i snitt kvart tolvte minutt, og truleg sjekkar me den før me seier «god morgon» til den som ligg ved sida av oss. Dei enormt mange varsla me får er eit stressmoment i kvardagen, og for meg har det ofte vore slik at eg blir småsveitt av å sjå på mobilen etter eit lengre møte.

Det er ei god stund sidan eg valde skru av varsel på mail, og det har vore veldig befriande. Kvifor skal eg ha behov for å ha varsel på mail? Er det noko som tilseier at mailar er så ekstremt viktige at dei krev mitt umiddelbare fokus? Sjølvsagt ikkje, det å påstå noko anna vil vera å overdriva si eiga viktigheit. Dersom det er noko som er viktig så får eg ein sms, chat eller ein god gamaldags telefon. For meg fungerar dette heilt glimrande, både når eg er heime og når eg er på jobb. Eg treng ikkje varsel på mobil når eg har mac-en rett føre meg, så alle varsel og dirringar om mail på mobil blir då berre ein ting: avbrot i konsentrasjon! Med eit snitt på 100 mailar inn på ein arbeidsdag er det då også 100 dirringar mindre.

Eit anna døme på digitale avbrot finn eg i eiga hotellkjede, der me kan lasta ned ein app som gjer at du kan få live varsel på alle questback som gjester sender oss etter hotellopphaldet. Stort sett er det gull og grøne skogar, men det er utopi med null klager. Då er det jo strålande at ein kan få eit varsel som lyser «DETRACTOR» i displayet på laurdagskvelden når du og din kjære nyt ein god raudvin eller når du leikar med ungane etter jobb. Kvifor nokon vel å ha på eit live klagevarsel er uforståeleg for meg. Mest truleg tek du ingen action på den klagen før dagen etter og då har du kun skapt irritasjon og kanskje litt dårlegare nattesømn for deg sjølv ved å ha på varsel.

Tilbake til dei grepa eg nemnde i introen, kva grep er det eg har teke? Først og fremst har minimum 20 appar vorte markert med «AV» i varslingssenteret, og fleire kjem det til å bli! Dette gjeld mellom anna nemnde Aftonbladet, diverse mobilspel og nettaviser som eg ikkje har abonnement på, som til dømes Aftenposten. Eg har også starta med å overvåka kva som kjem opp av varslingar for å vurdera om dette er noko eg treng varsel på. Ligg det mange nok uopna varsel så skrur eg det av på den aktuelle appen. Eventuelt slettar eg heile appen om den likevel aldri er i bruk.

Sletting. Det er det største grepet eg har teke for å få ned talet på digitale avbrot. Sidan januar 2011 har eg vore ein ivrig brukar av mikrobloggen Twitter. Gjennom åtte år og nesten 7000 «tweets» har eg av og på vore innom den appen dagleg. Det har vore min fremste kjelde til informasjon, spesielt om fotball, men også til frustrasjon. Eg har rett og slett kasta bort utruleg mykje tid på eit sosialt medium som ikkje har gitt meg noko som helst. Førre veke valde eg å seia takk for meg då eg sletta alle mine «tweets» og merka kontoen som inaktiv. Det var deileg, men også heilt naudsynt. Gjennom denne helga har eg leita etter Twitter-appen fleire gonger dagleg og tenkt med meg sjølv at «eg må sjå kva Twitter seier om saken», og då spesielt relatert til fotball. Twitter-detoxen kjenner eg på skal bli vanskeleg, men eg er veldig nøgd med å ha éin ting mindre å fokusera på. Éin ting mindre å sjekka. Éin ting mindre som forstyrrar min konsentrasjon.