erlendflunde.no

erlendflunde.no

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"

Slider

Skal du berre jobba som ...?

Det er diverre framleis eit statusskille i samfunnet som baserer seg på yrkesvalg. Enkelte yrker blir sett ned på fordi dei ikkje er «viktige nok» eller fordi vedkomande som ser ned ikkje har større forståing av verklegheita enn kvifor ikkje alle andre vil gå akkurat den vegen ein sjølve har vald å gå.

Hotellbransjen er ein samansetning av kulturar, personkarakterar og menneskelege historiar. Me tilset studentar, flyktningar, dei med hol i CV-en, dei ambisiøse, dei med utdanning, dei utan utdanning, dei som har eit «friår» og dei som er overlukkelege fordi dei har ein jobb! I Nordic Choice Hotels seier me at me har «Room for all» - og eit meir treffande begrep på vår bransje skal du leita lenge etter.

McDonalds sin pågåaende reklamekampanje «Stjel våre ansatte» gjer meg varm om hjarta. Mange norske ungdomar har sin første jobb i nettopp McDonalds, og mange får leiaransvar i særs ung alder. Det McDonalds skapar er yrkesstoltheit og dei riv ned barrierer om kva som er det riktige valet for å definera seg som ein suksess i samfunnet.

Samanlikningane mellom McDonalds og hotellbransjen er lette å dra. Me er også ein viktig aktør som den første arbeidsplassen til unge arbeidstakarar. Eg har tidlegare skrive om ungdom i arbeid, og meinar bestemt at min bransje kan fjerna mange Puter under armane. Det handlar om yrkesstoltheit og kva som definerer lukke og suksess. Er det utdanning? Er det namnet på stillinga di? Er det pengar? Eller er det kven du er som menneske? Dersom du ikkje går for siste setning bør du ta deg ein lang gåtur for å reflektera over livet.

«Eg kjenner ingen reinhaldarar» var eit utsagn eg vart gjort kjend med denne hausten. Det vart ikkje sagt direkte til meg, men eg vart informert om det. Eg kjenner heller ingen som jobbar i NASA, men eg har ingen behov for å gå rundt og sei det til folk. Sjølv om min beste kamerat har Doktorgrad så går eg ikkje rundt og seier: «eg kjenner ein med Doktorgrad». Berre det å uttala setninga om at «eg kjenner ingen …» beviser at det er eit statusskille, eit skille eg har bestemt meg for å bidra til å viska ut.

Pappa har bakgrunn som kokk. Mamma har bakgrunn som reinhaldar og tok fagbrev på nittitalet. Eg har to veslesøstre, den eine er frisør i tillegg til å jobba på helse- og omsorgssenter. Den andre jobbar som reinhaldar. Eg kjem frå ein klassisk arbeiderklassefamilie der ingen har høgare utdanning. Kvar og ein av desse, inkludert meg, kan ha blitt og har truleg blitt konfrontert med utsagnet «skal du berre jobba som….?». Når vart yrket ditt, stillingstittelen din eller lønningsposen din definisjonen på om du har lukkast? Når vart dette det absolutt viktigaste i livet?

Eg har lyst til å bruka min Pappa som døme. Gjennom seint åttital, heile nittitalet og starten på det nye årtusenet var hans daglege verke som Kokk, fortrinnsvis på båt. Eg kan ikkje sei eit negativt ord om hans arbeidsmoral eller stoltheit for yrket. I dag er han medeigar i eit kontorsenter på Leikanger og gjer det veldig bra. Er hans suksess og lukke kun basert på at han tok steget ut av kokkeyrket? Ville bygdefolket tenkt annleis dersom han framleis hadde jobba som Kokk i dag. Eg trur det.

På Comfort Hotel Bergen Airport utgjer Housekeeping halvparten av vårt personal. Halvparten av alle tilsette i bedrifta eg er øvste leiar for har eit yrke som i store deler av samfunnet ikkje vert oppfatta som viktig nok, nemleg reinhaldar. Det gjer meg steike forbanna! Det er heilt greit at «du» ikkje kan tenkja deg å jobba som reinhaldar, men still deg spørsmålet om kor mange hotellrom du kunne budd på eller kor mange sjukehusbesøk du kunne hatt om ikkje det var for reinhaldarar som er stolte av yrket sitt! På eit hotell er ein reinhaldar ryggraden vår.

Frå tidlege ungdomsår innsåg eg raskt at alle har sin plass i samfunnet. Me er avhengige av alle. Me treng ho som køyrer bossbilen, me treng han som vasker hotellrommet og me treng hen som stabler varer i butikken. Me treng alle for at samfunnet skal fungera, for alle er like viktige!