erlendflunde.no

erlendflunde.no

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"

Slider

Should you stay or should you go?

Då eg tok avgjersla om å reisa frå Sogndal i 2015 var det etter lang tids vurdering, men det var også over seks år etter at eg starta mi reise på Quality Hotel Sogndal. For meg var det ikkje sunt å vera for lenge på ein plass, for andre er "gullklokke" normen og det som gir meining.

Nei, denne artikkelen handlar ikkje om at eg reflekterer over mi eiga framtid, men ein generell refleksjon over når det stort sett er riktig å søka nye utfordringar. Eg har tidlegare skrive om Jaget i kroppen som eg kjenner på og som også er sjølve drivkraften i meg. For meg er dette ein styrke, men også ein forbannelse sidan det gjer at eg på eit eller anna tidspunkt vil kjenna på kroppen at eg no må vidare og opp og fram! Det er du sjølv som må avgjera om du skal gå vidare, men eg skal i denne artikkelen prøva gi svar på kva eg tenkjer om det å søka nye utfordringar.

Kva skal då avgjera om du skal "stay or go"?

Når veit du at tida er inne, og når veit du at det er riktig for deg? Det korte svaret er at du veit aldri om det er riktig eller ei, men tida er inne når du over tid har scrolla FINN.no etter nye jobbar og over tid har grubla på kva som er neste steg. Det er heilt naturleg at ein i periodar har ein liten "dipp" og tenkjer at ein no skal vidare, men desse små "dippane" går som regel over. Det er når det blir eit spørsmål du stiller deg dag ut og dag inn over lengre tid at du seriøst bør sjå deg om etter nye jaktmarker.

Kva jobb skal du gå til?

Det er lett, når ein har bestemt seg for at ein skal ha ny jobb, å tenkja at alle nye utfordringar er riktige for deg. Ingen jobb er for stor eller ingen jobb er for liten. Dette må du sjølv vurdera ut frå kva som er riktig i din karriere, men for meg der eg er no vil eg vera veldig kresen på kva som er neste steg. Det er ikkje sikkert at den jobben med mest glitter og gull er riktig, ei heller den som skrik "knallhardt". Difor må du finna ut kva du vil. Eit meget godt døme på at ein ikkje skal ta tak i alle utfordrinngar er Ole Gunnar Solskjær i Manchester United. Misforstå meg rett, eg forstår veldig godt at han tok den jobben sidan det var hans draumejobb, men frå dag éin var det dømt til å gå feil og når han får sparken vil det kanskje ha øydelagt karriera hans. Lærdomen her er difor å gjera ei grundig kartlegging av kva som er riktig i neste jobb for deg.

Er fem år den gyldne regel?

Eg har ofte snakka om fem år som eit "breaking point" i éin karriere, og at det er rundt denne tida ein vil kjenna på den store "dippen". For meg var det slik i Sogndal, det var hausten 2014 eg merka at eg måtte vidare og at eg ikkje var riktig mann på lang sikt når eg merka at motivasjonen byrja avta. Det er ikkje sikkert at eg får denne "5-årsdippen" der eg er no, eg trur det handlar om riktige utfordringar på riktig tid i karrieren. Difor kan det henda 2-3 år, 5 år eller 10 år er det riktige. Eller kanskje er du den som har funne akkurat den jobben du skal ha resten av karrieren? Eg beundrar dei som har funne ut av dette, som blir ein del av inventaret utan at dei gror fast, men fortset med å utvikla seg.

Lukke til anten du er jobbsøkande eller vurderer å bli det!