erlendflunde.no

erlendflunde.no

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"

Slider

First is first, second is nothing?

Eit av mine favorittsitat kjem frå mannen, myten og legenden Bill Shankly! Dette var mannen som tok den sovande giganten Liverpool FC opp frå avgrunnen og inn i den ypperste eliten i England og Europa. Sitatet er eit av mange motiverande sitat ein kan lesa på glasveggane i møteromsavdelinga på Comfort Hotel Bergen Airport. Eg har personleg levd etter at det er det å vinna som betyr noko, men er det alltid slik?

Det var min Housekeeping Manager, Iveta Lagzdkalne, som først fekk meg til å tenka etter om dette sitatet faktisk er den motiverande faktoren som det har vore for meg i mange år. Kvar gang me skulle feira at Housekeeping var "på pallen" internt i kjeden på effektivitet og/eller kvalitet, responderte Iveta med at det kun var det å vinna som betydde noko for det stod skrive på veggen. No var dette sjølvsagt sagt i ein spøkefull tone, men det har fått meg til å tenka etter:

Er det berre det å vinna som er godt nok?

I mange tilfelle er svaret ja, spesielt når det handlar om å få ein jobb eller vinna ein kontrakt. I dei tilfella er det kun vinnaren som sit att med hovudpremien. Det betyr dog ikkje at ein alltid er første tapar når ein blir nummer to. Dette har eg måtte læra meg å akseptera gjennom mine år på Comfort Hotel Bergen Airport. Sidan hotellet opna har hotellet og eg vorte nominert til tre prisar:

  • New Hotel of the Year 2017 i Nordic Choice Hotels
  • WeCare Hotel of the Year 2018 i Nordic Choice Hotels
  • Årets unge leiartalent i Bergensregionen 2019

I ingen av dei tre kåringa gjekk me til topps, men betyr det at me er "nothing"? At me er taparar? Sjølvsagt var me som hotell enormt skuffa når me først ikkje tok heim prisen i 2017, og når me på ny vart slått på målstreken i den ekstremt prestisjetunge bærekraftsprisen WeCare Hotel of the Year i 2018. I sistnemnde kategori var me éin av fem nominerte hotell av 200 moglege kandidatar i vår hotellkjede, Nordic Choice Hotels. Då kan me ikkje sei at me er ein tapar, me er ein stor vinnar som klarte prestasjonen å bli nominert til den store bærekfraftsprisen i hotellselskapet som rapporterer på dei tre botnlinjene "People, Planet & Profit" - i den rekkefylgja. Sjansen for å bli nominert til akkurat den prisen er 2,5%.

Kva har så dette med leiarskap å gjera? Veldig mykje! Menneske blir motivert av ulike ting: der det for meg er viktig å vinna, kan det for fleire av mine kollegaer vera viktig med heilt andre ting. Det er difor kanskje ikkje utsikten til å vinna ein pris, eller få ein liten bonus, som er den riktige motiverande faktoren for alle. Tilsette som har vinnarvilje som drivkraft responderer sjølvsagt meget bra på salgskonkurransar, meg inkludert, men me har også tilsette som ikkje responderer på dette i det heile tatt nettopp fordi dei ikkje konkurransemenneske. Difor må ein som leiar heile tida vita kva knappar ein skal og bør trykka på for å få kvar enkelt til å prestera på eit høgt nivå. For Ole kan det vera tryggleik og varme, for Nina kan det vera konkurransar og friheit. Difor må du som leiar, spesielt for dei næraste i din bedrift eller din avdeling, sørga for at du veit kven som responderer på kva. Bottom line: Kjenn dine folk!

Skal eg då fjerne sitatet frå møteromsavdelinga på hotellet? Sjølvsagt ikkje, for som eg har nemnt så blir menneske motivert av ulike ting. Nokre få, som meg, blir trigga av akkurat dette, medan andre blir trigga av heilt andre sitat. Det skal også seiast at både Iveta og eg, inkludert resten av leiargruppa, er ferdige med å berre vera nominert - no skal me endeleg vinna noko!

"If you are first, you are first. If you are second, you are nothing!"

- Bill Shankly

 

Siste artikler

 

  • Artikkelvarsling

    Ynskjer du å motta varsling kvar gong det kjem ein ny artikkel på erlendflunde.no? Meld deg på her!
    Les meir