FARDAL LUNDE

Foredrag

Foredrag

Du kan booka meg inn til foredrag og innlegg på di bedrift eller din organisasjon.

For referansar sjå nedst på sida.

Eg skapte mi eiga karriere frå resepsjonist til direktør etter at eg ved ein tilfeldigheit hamna i hotellbransjen i 2009. Mine foredrag tek deg med på ei reise i tid frå ambisiøs ungdom utan retning til å verta ein av landets yngste hotelldirektørar. Foredraga er meint å inspirera og utvikla deg uavhengig av ditt nivå, frå arbeidsledig til leiar:

Leiarskap i praksis

Korleis leiarkvardagen faktisk er kan ein ikkje læra seg gjennom teorien, den må opplevast, følast og erfarast! Leiarskapet ditt formast av alle erfaringar du tek med deg frå din første dag på jobb som leiar. Det er ein stor feil å tru at ein kan alt når ein startar på sitt leiarskap. Dette foredraget tek for seg korleis den praktiske leiarkvardagen er og tek sikte på å læra deg det du ikkje finn i teorien. Leiarskap i praksis skal gi deg som ny eller erfaren leiar dei verktøya du treng, samt kanskje inspirera deg som vil bli leiar!

Tilfeldigheitane som formar ei karriere

Det er ikkje mogleg å detaljplanlegga livet, men det er likevel mogleg å setja seg sjølv i posisjonar slik at tilfeldiheitene peikar din veg. Min historie frå vidaregåande skule, via sjukemelding i eit halvt år og vegen frå resepsjonist til direktør utan utdanning skal bidra til å motivera og inspirera andre. Foredraget er gjennomført utallige gonger for NAV sine kontor i Bergen og har bidrege til å gi motivasjonen tilbake til dei som treng den mest.

* Begge foredraga kan tilpassast din tid og dine behov knytt til emne med meir.

For spørsmål, booking og pris:
mail@erlendflunde.no

Referansar:

"Tilfeldigheter, muligheter og drømmen om hotellbransjen"

- Artikkel fra Tidsbanken etter foredrag på TidPrat 21. februar 2020.

"Vest Næringsråd hadde gleda av å oppleve Erlend som føredragshaldar i fjor haust (2018). Erlend formidlar sine erfaringar og kunnskap på ein glimrande og forståeleg måte. Han er trygg på scena, har god fortellerteknikk, og er heller ikkje redd for å by på seg sjølv.”

- Silje Ulveseth (Vest Næringsråd)

"Erlend har ein formidabel formidlingsevne og ein ærlegdom og truverde som gjer at han går rett heim hjå publikum. Godt humør og godt gjennomarbeida foredrag. Anbefaler gjerne!"

- Sissel Eikanger (NAV Årstad)

"Erlend har holdt foredrag og innlegg etter forespørsel fra NAV Bergen. Vi har arrangert jobbmesser for ungdomsgrupper, hvor hans budskap skaper en «gnist» hos deltakerne. Tilbakemelding fra deltakerne: «hans åpenhet og engasjement, inspirerte og motiverte oss. Ble veldig nysgjerrig på bransjen.» Erlend er en dyktig formidler og klarer å fange oppmerksomheten og begeistrer både arbeidssøkerne og oss i NAV. Vi trenger samarbeidspartnere som har troen på arbeidssøkerne uansett bakgrunn og som ser muligheter fremfor begrensninger."

- Irene Hamre (NAV Vestland)