FARDAL LUNDE

Konferansier

Konferansieroppdrag

Eg har erfaring som konferansier på personalsamlingar og kommersielle konferansar. Her under standard intro og ekstro, kombinert med panelsamtalar og eigne refleksjonar undervegs.

For meg er det viktig at me har ei felles forståing for kva som er viktig på ditt arrangement slik at eg kan halde i den raude tråden og skapa ei best mogleg ramme.

Kontakt meg gjerne for ein uforpliktande prat.

For spørsmål, booking og pris:
mail@erlendflunde.no

Referansar:

"Vi hadde gleda av å ha Erlend som konferansier for NAV region Sogn si fellessamling 2.desember 2021 på Quality Hotell Sogndal.  I tillegg til å leie dagen omfatta det også planlegging og dialog med både programkomité, innleiarar og hotell. 

Attendemeldingane frå deltakarane på samlinga har vore udelt positive, og vi samarbeider gjerne med Erlend ved fleire høve.”

- Idunn Litleré Brodahl (NAV Sogndal // Region Sogn)

"Treng du ein flink foredragshaldar eller konferansier er Erlend eit godt val. Erlend leia rekrutteringskonferansen vår på ein framifrå måte. Han er profesjonell og det er lett å samarbeide med Erlend både før, under og etter oppdraget. Han tar utfordringar på strak arm, er engasjert og er ein dyktig formidlar som inspirerar publikum og bidreg til god stemning.”

- Wenny Irene Hansen (NHO Vestland)