Balanse

Kampen mellom privat og jobb står sentralt i mange sitt liv. Korleis prioritera tida når kjensla er at det knapt nok er tid til å henga fast i enden av taustumpen? For meg har denne hausten vore ein studie i ubalanse, og eg har ofte kjent på kampen mot klokka! Likevel har dette vore det beste året i mitt liv der det meste har klaffa både på jobb og privat. Korleis?

Denne artikkelen vart skriven som ei julehelsing til lesarane av “bloggen” på den tida og då Erlend var direktør på Comfort Hotel Bergen Airport, i perioden 2016 - 2020.

Noko av det viktigaste eg fortel til unge leiarar som får sin første leiarjobb er at dei må finna balansen i eige liv. Den største feilen mange gjer er å ta på seg for mykje og tru at ein som leiar er best når ein gjer alt sjølv, for då blir det jo gjort og det blir gjort bra! Eit faresignal er det når ein snakkar ned eige privatliv og behovet for eit slikt. Jo tidlegare ein ser behovet for balanse i livet jo betre er det, og ein kan tidlegare verta den beste moglege leiarutgåva av seg sjølv.

Balanse blir også ofte mistolka til at ein skal jobba lite, på same måte så blir det å jobba riktig tolka som at ein skal jobba meir. For meg handlar balanse om å jobba meir smartare, ikkje om å jobba meir eller mindre. Min jobb krev at eg til tider jobbar ekstremt mykje, og det har eg stort sett kunne gjera utan at det påverkar så mange andre enn meg sjølv. Dette endra seg då eg vart Pappa til Aria 28. juni, og med ein ny livssituasjon har mitt vindauge for å jobba når eg vil endra seg radikalt. Det er ikkje lenger opning for å rydda mailboksen i timesvis kvar kveld eller delta på alle moglege arrangement. Det er andre behov på heimebane som gjer at eg må vera smartare og jobba meir riktig, og delta på det som er viktig.

Eg kan med handa på hjarta sei at det har vore utfordrande, og at eg ikkje sit med nokon direkte fasit på å "ace" balansen mellom å vera småbarnspappa og direktør. Denne artikkelen har eg hatt lyst til å skriva sidan eg returnerte frå sommarferie i midten av august, og det at eg sit her natt til vesle julafta og skriv den ferdig understrekar poenget om at balanse er vanskeleg. Med vanskeleg meinar eg tid til å gjera det ein bør, som å trena, noko eg har forferdeleg «track record» på med éin trening siste tre månadar. Det at eg elskar jobben min gjer likevel at det er greit at det ikkje alltid er like lett, for eg trur det hadde vore verre om eg hadde hatt ein jobb eg mistrivdes i. 

2019 har vore eit magisk år for unge Lunde. Det å bli Pappa for første gong same månaden som Liverpool vinn Champions League var stort. Det å sjå at Comfort Hotel Bergen Airport no haustar frukter av knallhardt operativt og kommersielt arbeid i over tre år er utruleg herleg! Eg har hatt gleda av å bli topp tre i kåringa årets unge leiartalent i Bergen, sett Liverpool banka Manchester City 3-1 på Anfield, ha ei dotter som synes eg er verdas mest morosame og holdt ekstremt mange foredrag om min reise frå KIWI til direktørjobb i Nordic Choice Hotels. 2019 har rett og slett vore herleg, men eg har likevel til tider kjent på ein viss ubalanse.

Ubalansen kjem av att det har vore tidenes mest hektiske haust. Alle som har born veit at det endrar livet totalt, og når ein skal kombinera dette med å verkeleg setja eit rekordår på eit hotellprosjekt ein har brukt enormt med energi på i tre år, då blir det enkelte kollisjonar. For kva er viktigast? Er det vaksinasjon på helsestasjon eller er det frukosten med ein viktig kontakt so eg har forsøkt å få møtt i lang tid? Det er for meg ingen fasit, men situasjonsbestemt ut frå kva ein faktisk må gjera. Eg har bestemt meg for å vera ein Pappa som er med på alt, også alle besøk på helsestasjon, men eg har måtte prioritera det bort rett og slett fordi eg ikkje alltid klarar finna tid i kalenderen til alt eg i min jobb må gjera. 

Anna Spjuth, Senior Vice President Comfort Hotel, ga meg eit godt råd for nokre månadar sidan når det kom til å ha full kontroll på heimebane. Dette rådet har ført til at kjeringi mi, Karoline, og eg har fast husmøte kvar søndag der me ser på den komande veka og avgjer mellom anna kven som har bilen dei ulike dagane, korleis me løyser besøk hjå helsesøster og om det klaffar at eg er bortreist på arrangement dei ulike kveldane. Me har ein felles kalender for familien, i tillegg til at Karoline har tilgang til å sjå min jobb-kalender. I framtida kan me ved gjennomgang av komande veka avgjera kven som eventuelt må ta fri frå jobb dersom Aria er sjuk og må heim frå barnehage/skule.

Kven vinn så kampen mellom jobb og privat?

Eg har konkludert med at det ikkje skal vera nokon vinnar, og at det heller handlar om sameksistens for å få alt til å gå opp. Eg er ein person som både bevisst og ubevisst kan tenkja hotell 24 timar i døgnet utan at det gjer meg noko. Eg trur også at eg er heilt avhengig av det for å vera lukkeleg sidan eg trives så utruleg godt med det eg gjer. Det hadde nok vore enklare å skapt balanse med ein klassisk "9 to 5"-kontorjobb, men eg treng den ekstreme pulsen i livet som tilfredsstiller det som mange nok vil diagnostisera som arbeidsnarkoman.

Den største utfordringa for meg handlar difor ikkje om å lukkast på jobb, sjølv om ein kan kjenna på snevet av dårleg samvit over å ikkje strekka til heima og å ikkje rekka over alt eg vil på hotellet. For meg er den største utfordringa å vera tilstades når eg er heime og ikkje gå glipp av denne tida med Aria som eg aldri får att. Med ein jobb ein elskar og enkel tilgang til alle data via iPhone er det lett å verta distrahert. Dette med digital avbrot har eg skrive om tidlegare, og det er ein reell utfordring når det gjeld den private balansen. Ikkje berre kan eg tenkja på jobb heile døgnet, eg har også arbeidsverktøyet i lomma.

Gjennom jul, romjul og nyttår skal eg freista meg på litt digital detox, og sjølv om eg ikkje får det til 100% så har eg ein klar ambisjon om å fokusera mest på Karoline, Aria og resten av familien. Det brukar eg rett og slett ikkje nok tid på i det daglege! Mailen sjekkar eg garantert ein gong for dagen, ikkje fordi eg må, men fordi eg har lyst. Så får eg heller unngå å sitja på mobilen akkurat når andre krev mitt fokus.

Ha ei flott og balansert jul!

Forrige
Forrige

Jaget i kroppen

Neste
Neste

Mangel på sjølvkjensle