Mangel på sjølvkjensle

Dersom ein har tru på seg sjølv står ein i fare for å verta stempla som arrogant. Det er etter mitt syn mykje betre enn det motsatte. Det å ikkje ha tru på seg sjølv, det å ha dårleg sjølvkjensle vil vera til hinder for å kunne nå sine mål. I dag er det fort at eg hamnar i arrogant-kategorien, men eg har ikkje alltid hatt god sjølvkjensle og tru på meg sjølv. Faktisk er det først i dei siste åra at eg har fått den trua på meg sjølv som eg kanskje burde hatt før.

Eg hugsar veldig godt då eg byrja på Vidaregåande skule og gjorde det eg kunne for å passe inn. Sjølvkjensla var ikkje på topp, og eg følte at eg som spedbygd tenåring utan antydning til skjeggvekst var godt på minussida når det kom til å vera ein av dei kule. Eg tvila ofte på om eg var tøff nok, om eg var slik eg burde vera eller om det eg hadde sagt var smart eller dumt. For det kunne fort vera ein forsvarsmekanisme å tøffe seg med både det eine og andre utsagnet for å verta nettopp det, nemleg tøff. Til tider kjenner nok alle ungdomar på dette til ein viss grad.

No var det aldri slik at eg leid nokon stor naud i ungdomen og eg hadde etter kvart ein god vennekrets, men eg skulle så gjerne når eg no sit her med fasiten i handa fått sagt til Erlend på 16 år at det går bra, du kjem til å få til det meste av det du vil. Kanskje hadde eg då unngått å tenkja så mykje konsekvensar på kva som kunne gå feil og heller gjort som eg gjer i dag: gitt litt meir faen. Ein god illustrasjon på den manglande sjølvkjensla var at eg til kvar einaste fotballtrening grua meg for å gjera noko feil - det er klart at det ikkje blir rare prestasjonen av det. Det enorme talentet var eg nok uansett ikkje, men det irriterer meg fortsatt i dag at eg lot noko som eg elskar, fotball, verta så lite kjekt på grunn av min eigen manglande sjølvkjensle.

Den manglande sjølvkjensla vart med meg vidare som ung vaksen, og eg unnlot i mange samanhengar å seia kva eg eigentleg meinte om ei sak når eg var i same rom som personar eg vurderte som meir kompetente enn meg sjølv: <em>"Det eg seier er sikkert heilt idiotisk så det er like greit å halda kjeft!"</em>. Eller at eg vart pissenervøs kvar einaste gong eg tok ordet i møte eller samlingar for eg hadde jo ikkje noko vettugt å seia likevel. Dette har endra seg drastisk dei siste åra, og eg tek stor glede av at kollegaer og andre ynskjer å lytta til det eg har å seia. Eg elskar også det å få snakka føre andre, anten gjennom føredrag eller å få seia meininga mi. Enkelte vil nok kunne hevda at ein er "høg på seg sjølv", men sidan eg har brukt så mykje tid og energi på å ikkje tru på meg sjølv så er det så utruleg godt å kunne uttala seg utan å tvila på seg sjølv.

Det har gått veldig bra for meg, men eg har også hatt veldig mykje flaks på min veg. Det siste eg vil er at du kastar vekk ditt talent fordi du ikkje har tru på deg sjølv. Den dagen du sit i eit rom og tenkjer at du ikkje skal seia meininga di fordi du er redd for at det du skal seia er dumt, ja då sit det mange andre og tenkjer akkurat det same. Mange vil også tenkja at "herregud, det var smart" etter at du har vald å uttala deg. Ikkje ver redd for å drita deg litt ut og gi litt faen i kva andre måtte tenkja!

Mine råd for å jobba med di eiga sjølvkjensle:

  • Gjer ting som gir deg energi og som gjer deg glad. Dei høyrest kanskje veldig sjølvsagt ut, men det er ganske enkelt: er du nøgd så er det også enklare å få god sjølvkjensle.

  • Omgi deg med riktige personar, ikkje tenk så mykje på at du skal passa inn, men innsjå at du er god nok som du er.

    “Snakk til deg sjølv i spegelen” for motivasjon. Ein av mine kollegaer startar alltid dagen sin med å smila til seg sjølv i spegelen - det har ein effekt på hen sin dag!

    Eg plar visualisera ting eg ynskjer å oppnå for å kjenna på godkjensla som det resultatet vil gje. Dette har gjort at eg blir meir trigga på å leggja inn eit ekstra gir for å nå dit eg vil.

  • Det er viktig at ein ikkje vippar over, men finn den riktige balansegangen mellom det å å tru på seg sjølv og det å vera audmjuk. Overdreven sjølvkjensle kan føra til at ein mellom anna tek avgjersler som er basert på feil grunnlag.

Mangel på sjølvkjensle er ikkje bra for deg og det gjer også at du er meir avers mot å setja i gong med nye utfordringar. I dagens samfunn vert sjølvkjensle også forma av sosiale media og korleis ei fotballfrue eventuelt framstår. Lat meg berre vera tindrande klar: det er ikkje dette du skal ha som dine rollemodellar. Du vil aldri føla deg god nok om du skal forholda deg til utopi. Du vil ikkje finna svaret på kven du skal vera ved å sjå på andre, det er kun du som veit kva som er riktig for deg.

Det er betre å risikera arrogant-stempel ved å vera audmjuk og ha god sjølvkjensle enn å ikkje ha trua på seg sjølv.

"Think like a queen. A queen is not afraid to fail. Failure is another stepping stone to greatness!"

- Oprah Winfrey

Forrige
Forrige

Balanse

Neste
Neste

Prosjekt Sandnessjøen