På helsa laus

(Facebook, 10.01.2024) Eg hadde eigentleg ikkje planar om å dele det eg no deler. Samtidig er det viktig at nettopp eg deler, ikkje minst fordi eg tidlegare har fortalt om nokon av mine utfordringar på eit innlegg om psykisk helse. Den gongen var planen å dele eit innlegg i ettertid, men eg «feiga ut». Før jul vart eg sjukemeld, mest som ei preventiv handling for å unngå at eg small rett i veggen. Dei siste dagane har eg vore på full veg inn i nemnte vegg.

Absolutt alle kan ha behov for hjelp til å takla livet, var tittelen på innlegget eg skulle dela for over eitt år sidan. Eg ville fortelje om at eg i nesten 1,5 år oppsøkte psykisk helsesjukepleiar jamnleg for sokalla vedlikehaldssamtalar. Dei slutta eg forøvrig med for eitt års tid sidan. Eg ville fortelja at eg, til tross for at det frå utsida kunne sjå ut som hadde full kontroll, sleit voldsomt på innsida. Eg meinar det er viktig at folk snakkar opent om psykisk helse og fjernar tabu rundt det, då lyt det same gjelda meg.

Det dundrar i hovudet. Kroppen er i heilspenn og jagar på. Eg får aldri pause. Eg får aldri kvile. Eg må vidare. Vidare til neste utfordring. Eg har dårleg tid. Over halvveges til 70. Kvifor kan eg ikkje berre vera normal? Kvifor kan eg ikkje skru av hjernen og tankane? Når får eg ein pause?

Det står aldri stille hjå meg, det er nesten som eit konstant tankespinn og ein indre kamp i eige hovud med store mengder av tankar. Kva som er bakgrunnen for at eg er slik veit eg ikkje, og sjølv om det er ein utfordring er det også ein av mine store styrkar. Mine store styrkar, tempo og pågangsmot, har difor gjort at eg no er fulltidssjukemeldt og nesten blotta for energi. Eg har jobba knallhardt heile livet for å koma dit eg er, eg har ofra enormt mykje for å koma so langt som mogleg utan utdanning. Vennskap og private relasjonar har som regel alltid kome i andre rekke i jakta mi på å bli hotelldirektør. Og når eg slutta som hotelldirektør har eg aldri funne den same lukkekjensla i jobb att. Kanskje er det difor eg fyller på med so mange prosjekt, for at eg skal jakta det enorme tempoet som ga meg so mykje i hotellverda. Gløden og gleda har ikkje kome til meg på same måte etter at eg flytta heim til Sogn, difor har eg desse tre åra brukt mykje meir energi enn eg har klart å fylla på.

Erlend på 10, 11, 12, 13, 14 år kjende nok i sin tid på at ein ikkje alltid passa inn og at det ikkje alltid var like enkelt. Eg har heile tida kjent på at eg må jobbe hardare og betre enn alle andre for å koma meg fram, at eg alltid ha starta med tillegg på voltestart (for de som kjenner hestesport). Likevel var det eg som mot alle odds var ein av landets yngste hotelldirektørar på eit tidspunkt.

Konklusjonen min har vore at eg som person alltid må ha mykje å gjera. At eg heile tida må pusha meg sjølv vidare. At ei sjukemelding ikkje var riktig for meg, for det prøvde eg tross alt då eg møtte veggen som 20-åring. Dersom eg ikkje hadde bedt om hjelp hausten for over to år sidan so er eg heilt sikker på at eg hadde møtte veggen.

No er eg der likevel fordi eg har køyrt kroppen min for hardt over alt for mange år. Eg skriv ikkje dette for å få sympati eller medkjensle. Eg skriv det fordi det er viktig at eg, som er profilert, også kan ha det tungt. Steintungt faktisk. Dette handlar ikkje om at Fjøra Pub slit og at det er tøft. Det handlar ikkje om at eg snart er arbeidsledig om eg ikkje finn meg ny jobb. Det handlar om at eg som alle andre berre er eit menneske som gjer så godt eg kan. Det handlar om at eg treng å fortelja omverda om kvifor eg kanskje ikkje tek telefonen ein dag, eller kvifor ting tek litt tid.

Hugs at sjølv om folk smiler, ler og ser ut som dei har det aldri so bra, so kan det skjula seg litt av kvart bak smilet. Alle har sitt å slita med, alle menneske har sine arr og sine problem. Det er i alle fall ikkje flaut å be om hjelp. Like før jul var det akkurat det eg gjorde då eg innsåg at eg måtte ta ein pause.

Dei siste dagane har synt meg at eg verkeleg er på feil side av knivseggen, og eg veit at det no krevst ein stor jobb for å finna att balansen og gjera at eg er tilbake på mitt beste som person. Det viktigaste for meg no, uansett, er å vera ein god mann for Karoline og ein god pappa for Aria og Julian.

Forrige
Forrige

U40-avskjed på godt og vondt

Neste
Neste

Jaget i kroppen