U40-avskjed på godt og vondt

Torsdag takka eg av som styreleiar i Sogn U40 og ga stafettpinnen vidare til Andrea Fardal Opseth, som får med seg Sigrid Alice Hovland som nestleiar. U40-prosjektet har vore ein baby, som det er blanda kjensler med å gi frå seg.

Eg har snakka om det mange gonger, den litt sprø ideen med mål om å samla 50 ambisiøse under 40 år i Sogndal og Sogn, som vart til eit nettverk med nær 200 medlemmar. Etter to heile driftsår kan Sogn U40 sjå tilbake på ein voldsom vekst, nesten kr 700.000 i mottekne tilskot og sponsormidlar, mange arrangement av høg kvalitet og eit fundament som gjer at nettverket kan leva i mange, mange år.

Eg er ufatteleg stolt over kva dette vart til og at me faktisk fekk det til!

Flaks og timing

Ein skal ha litt flaks, ein skal ha både riktig timing og gode medspelarar for å få dette til. Dei to viktigaste i starten av U40-eventyret var Arild Sandvoll og Brage Bøyum i Sparebanken Vest som begge, eitt år før etablering, såg verdien av ei slik etablering. Sogn U40 fekk seinsommaren 2021 tilskot på kr 200.000 frå banken og eventyret var i gong. Lite visste me den gongen at me traff ei nerve i Sogn; ein slik arena var det mange som hadde «venta på».

For meg har dette vore eit bevis på at det er viktig å aldri gi seg når ein får ein idé som ein trur på. Frå idé til realisering tok det over eitt år, men då me først kom i gong var me eit godstog der medlemmane hoppa på i fart og me inspirerte Sunnfjord med fleire til å starta sine U40-initiativ. Det har vore utruleg moro og ei stor ære å stå i bresjen for dette, og eg vil no alltid kjenna på at Sogn U40 er «litt mitt» eller «min baby». Det gir ein liten klump i halsen å vera ferdig, men det er også godt å vita at andre kjenner det slik, for det eigarskapet er avgjerande for å lukkast.

Det sterkaste med U40-arbeidet har vore det sosiale og kollegiale i styrearbeidet. Eg trudde dette ville gi meg forretningsmessige relasjonar, men det har i tillegg bydd på sterke og gode venskap som strekk seg godt utover styrerommet.

Framtida

Sogn U40 er framleis ei gründerbedrift og må dei neste 3-5 åra ha sterkt fokus på å sikre ein sunn driftsøkonomi og langsiktig forankring i både næringsliv og det offentlege. Om framtida i Sogn skal påverkast krev det rett person på rett plass. Eg er stolt av å sei at leiarduoen er rett powerwoman-par på rett på plass. Saman med det nye Styret er eg sikker på at Andrea og Sigrid Alice kjem til å levere på alle punkt.

Lukke til med arbeidet, eg heiar frå sidelinja!

Heilt til slutt; TAKK til Andrea FO, Andrea, Sigrid Alice, Silje, Ragnhild, Camilla, Line, Kjersti, Henrik H, Heidi, Anita, Brage, Ola og Jon Arve for skiftet, og ikkje minst lukke til JP, Hilde, Kristin og Henrik S som nye styremedlemmar!

Neste
Neste

På helsa laus