Prosjekt Sandnessjøen

Søndag 2. august 2015 satte eg meg på eit fly som hadde retning mot Nord Noreg. Bakgrunnen for at eg satte meg på det flyet denne søndagen var at eg ein månad tidlegare hadde teke eit val som skulle syna seg å verta heilt avgjerande for mi vidare karriere i hotellbransjen. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å gå ut av hotellbransjen og returnera til skulebenken, men ein telefon frå Tina Våtvik Olsen endra alt.

Telefonen frå Tina, som på den tida var Driftsdirektør i Clarion Collection Hotel Norge, hadde eit spørsmål: "vil du reisa til Sandnessjøen for å driva Clarion Collection Hotel Kysten?". Eg visste knapt nok at Sandnessjøen eksisterte og eg hadde aldri sett for meg å flytta til Nord Noreg for ein jobb. So er det no dette med sirkushestar og lukta av sagmugg - eg kunne ikkje seie nei.

Rundt kl. 20:00 den nemnde søndagen toucha WF726 bakken på Stokka Lufthavn med ein flyredd sogning ombord. I mange år var redsla for å fly eit stort problem for meg og sørga for at eg lot vera å reisa så mykje som eg hadde ønska. No hadde eg takka ja til ein jobb som krevde enormt mange flyturar på mjølkeruta Bergen - Trondheim - (Mosjøen) - Sandnessjøen tur/retur i det som etter planen skulle vera mitt prosjekt dei neste to åra. På mi tid i Sandnessjøen hadde eg vel nærare 80 flyreiser om me reknar ein reise som kvar gong eg var i lufta mellom to flyplassar.

Mi fantastiske kjering, Karoline, hadde eg nokre timar tidlegare vinka adjø til frå rulletrappa på gamle Flesland. Det var tungt og tårevått, men me var begge fast bestemt på å klara å leva i eit pendlarforhold. Prosjekt Sandnessjøen skulle og måtte gi resultat! Når eg gjekk ut av WF726 på Stokka så slo det meg at dette verka som ein gudsforlatt plass og eg forstod ikkje heilt korleis eg skulle klara å trivast her. 

Det skulle også syna seg at Direktørjobben kom til å bli ei langt tøffare utfordring enn eg hadde trudd. Sandnessjøen hadde fått oljebremsen midt i trynet og Clarion Collection Hotel Kysten var ikkje på den standarden eg som direktør krev at mine hotell skal vera på. Vedlikehald, struktur, system- og hotellkompetanse hadde eit etterslep som krevde mykje frå både meg og teamet i Sandnessjøen. Det vart difor frå første dag ein hard kamp for å snu eit prosjekt med manglande topplinje og eit for høgt kostnadsbilete til den drifta som var naudsynt. Det var tydeleg for meg at eg ikkje kunne fokusera på private relasjonar, men vera kynisk og tenka 100% business kvar einaste dag eg var i Sandnessjøen. Når eg ikkje var på hotellet så sat eg difor stort sett å jobba i "toppetasjen" der eg hadde leilegheit. 

Etter tre veker måtte eg nedbemanna nærare to stillingar fordi me rett og slett ikkje hadde aktivitet nok. Det var naturleg nok ei veldig upopulær avgjersla, men det var den rette avgjersla. Mange nye leiarar gjer etter mitt syn ofte feilen at dei set popularitet føre å gjera ting riktig. Eg kunne brukt nokre månadar på å køyre meg inn og bli godt likt før eg tok den avgjersla, men eg visste at om eg skulle snu dette hotellet så hadde eg dårleg tid og då måtte eg gjera endringane tidleg!

Utover hausten og vinteren fortsatte me med organisasjonsendringar og me fjerna Kokk på helg slik at Resepsjonisten styrte både innsjekk og kveldsmat. På helg hadde me heller ikkje vask av bu-rom og difor var ikkje Housekeeping på jobb så lenge belegget var naturleg lågt. Nye handdukar og tømming av boss? Resepsjonisten fiksa det også. Det var kanskje ikkje heilt i tråd med den servicen ein skulle levera, men med under 10 gjester dagleg så hadde me ikkje noko val. Nokre møtte denne utfordringa med stor positivitet, medan andre brukte all energien sin på å klaga. Det var uansett dette som måtte til for å sikre hotellets økonomi og ikkje minst sikre arbeidsplassar. Kva tenkte gjestene? Våre gjestar si velnøye var den vinteren på rekordnivå og me var stort sett alltid rangert som topp tre i Clarion Collection Norge.

Medan alt dette gjekk føre seg var eg mykje for meg sjølv. Eg var heima i Bergen omtrent annakvar helg, men når eg var i Sandnessjøen var det stort sett meg, PC-en og nokre seriar, filmar og fotballkampar. Høgdepunkta var fredagane med taco og iskald pils akkompagnert av PC-en, sjølvsagt! Når du er einsam i ei stor leilegheit, så lærer du deg mykje om å motivera deg sjølv, du lærer deg at du må snakka til deg sjølv i spegelen og ha tru på deg sjølv. Du set også meir pris på dei du har rundt deg og ikkje minst snakka med folk over FaceTime.

Den største faktor for suksess var å fokusera på salg og nettverksbygging. Eg var på stort sett alt av nettverksmøter og bransjeseminar som eg kunne delta på, og eg bygde meg eit nettverk som gjorde at hotellet vart interessant å bruka. Me stjal både kundar og lokalpatriotar frå Scandic, rett og slett fordi me klarte å levera på det me lova. I mai 2016, midt under hotellstreiken, fekk me vera vertskap for den store festmiddagen på eit av årets største event i Sandnessjøen, Båtmessa. Det var ein stor og stolt dag for meg, for eg visste at me i det augneblikket hadde vunne kampen om dei viktige lokale kundane. Frå før hadde me hatt Skreimølje til Krabbeklubben, godt vitja after works og ikkje minst god omsetnad og nøgde gjester frå den lokale møteplassen "Jenter i sentrum".

Den knallharde og evinnelege jobbinga ga ikkje berre resultat for hotellet, men også for meg personleg då eg sommaren 2016 vart vald inn i styret til reiselivsorganisasjonen Visit Helgeland. Tenk det, vesle sogningen fekk etter eit knapt år på Helgelandskysten eit styreverv i Visit Helgeland som famna om 17-18 kommunar og mange hotell som var både større, viktigare og meir innbringande enn det eg dreiv.

Hotellet nådde sine mål på både topp- og botnlinje i 2016, men før året var omme hadde eg allereie starta på mitt nye prosjekt: Comfort Hotel Bergen Airport. Sandnessjøen ga resultat, det sørga for at eg kunne bli Direktør for flaggskipet og Noregs største Comfort Hotel. Når eg satte meg på flyet til Sandnessjøen 2. august 2015 så visste eg at Comfort Hotel Bergen Airport skulle opna i februar 2017. Eg visste også naturleg nok at det truleg kom for tidleg for meg sidan planen var minst to år i Sandnessjøen, men som med det meste anna eg føretek meg så sa eg likevel til meg sjølv: "eg skal faen meg syna dei at eg kan!"

På grunn av teieplikt har eg naturleg nok utelate namn og detaljar som gjer at personar kan bli kjent att.

Forrige
Forrige

Mangel på sjølvkjensle

Neste
Neste

SØT-samtalen